Gaar offshore igjen
GÅR OFFSHORE: Også dette året blir det kombidrift med fiskeri og offshore for Christina E.
Nytt

Går offshore igjen

Medan eit hundretals offshorefartøy ligg arbeidsledige, kan Ervik & Sævik innkassere nye offshoreoppdrag for ringnotfartøyet Christina E.

Administrator
14.03.2016
- I første omgang blir det i alle fall 37 dagar på offshore, men vi har ein avtale som tilseier 20 + 60 + 20 dagar fordelt utover året, fortel ein godt fornøgd dagleg leiar Rita Sævik i herøyreiarlaget.
Kontrakten som nyleg blei inngått med selskapet ORG Geophysical, er ei vidareføring av samarbeidet som har sikra verdfull sysselsetting av Christina E mellom fiskerisesongane.

Seismikk-oppdrag

Det er til såkalla lette seismikk-oppgåver ORG har valt å satse på ringnotfartøyet som blei bygd med tanke på slike oppdrag. Difor er Christina E mellom anna innreidd med ekstra lugar- og tilhøyrande fasilitetar i forhold til ordinære ringnotfartøy.
- At dei forlenger med oss betyr vel at dei er godt fornøgde med den jobben vi har gjort. Og det er både vi og mannskapet stolte av, seier Sævik.
På offshoreoppdrag er båten fullt bemanna av eigne folk (10 mann), og med oppdragsgivarane sine folk i tillegg kan det vere 20-25 personar om bord på slike oppdrag.

På chart 4. april

Etter den ferske kontrakten skal Christina E gå på chart 4. april og vere på oppdrag i 37 dagar i fyrste omgang. Deretter skal båten inn på femårsklassing, og så kan det bli ein ny offshorebolk før båten skal på nordsjøsilda.
- Vidare er det klart at vi skal på chart i august/september igjen, men eg er også optimist med tanke på at det kan bli noko i juli, seier Sævik.
I første omgang blir det i alle fall 37 dagar på offshore

Publisert: 14.03.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54