Gaar langt i aa avskrive GIEK til A Alesund
VIKTIG FOR KYSTNÆRINGAR: Den maritime industrien langs kysten er storbrukarar av eksportordningane. Statssekretær Lars Andreas Lunde (H) meiner likevel det er rett å etablere den nye eininga i Oslo.
Nytt

Går langt i å avskrive GIEK til Ålesund

– Eg vil likevel ikkje sjå bort frå at det kan skje på eit seinare tidspunkt, seier statssekretær i næringsdepartementet.

Administrator
13.01.2021
Debatten om lokaliseringa av eit nytt og samanslått GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) og Eksportkreditt Norge er gloheit på Nordvestlandet.
Tysdag fremmar mellom anna Sylvi Listhaug (Frp) , men det er uklart kva for parti som vil eventuelt vil støtte dette.

Annleis om det hadde vore ny etat

Næringsminister Iselin Nybø har tidlegare peika på at det er interimstyret som har ansvaret for ei slik vurdering, og i eit svar frå departementet tysdag, gir lite håp om at det er mogleg å presse regjeringa til eit anna standpunkt no.
– Å etablere lokalkontor på ein eller fleire andre stader vil krevje ressursar, og verksemdene har i dag til saman berre i underkant av 150 tilsette. Oppdeling i underkontor i ulike delar av landet må vurderast opp mot dette, seier statssekretær Lars Andreas Lunde (H) i Nærings- og handelsdepartementet til NTB.
Han påpeikar at begge institusjonane i dag er lokaliserte i Oslo. Dersom ein heilt ny etat hadde vorte etablert, har regjeringa ein politikk der dei i størst mogleg grad prøver å etablere desse utanfor Oslo.

Mogleg på eit seinare tidspunkt

Den nye organisasjonen har ein stor jobb føre seg for å få to etatar til å bli éin, og departementet seier at hovudprioriteringa er å få samanslåinga til å skje mest mogleg effektivt utan at det går utover det eksportretta næringslivet som etaten skal hjelpe
– Eg vil likevel ikkje sjå bort frå at det kan skje på eit seinare tidspunkt etter at vi har fått den nye organisasjonen opp og stå, legg Lunde til.
Innhaldet i svaret er likelydande med det på spørsmål om lokalisering.

Vil desentralisere eininga

Frp vil ha den samanslåtte institusjonen nærare miljøa og bedriftene som bruker ordninga mest. Store delar av eksportretta industri er lokalisert langs kysten.
Plassering av kontora ved kysten vil bidra til styrking av etablerte fagmiljø, ein betre distriktsprofil på statlege arbeidsplassar og forsterka bu- og arbeidsmarknadsregionar, meiner Frp.
og enkeltpolitikarar frå og har teke til orde for det same. Det har også mellom anna og .
Diskusjonen tok av etter at Herøy-reiar Stig Remøy foreslo og .

Les også:





Synspunkt:


Eg vil likevel ikkje sjå bort frå at det kan skje på eit seinare tidspunkt etter at vi har fått den nye organisasjonen opp og stå

Publisert: 13.01.2021 11:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:11