Nytt
Går inn med 369 millionar
Eigarane i Island Offshore skal skyte inn 369 millionar kroner for å refinansiere selskapet.
08.12.2017
Refinansieringsplanen i Island Offshore-systemet skal behandlast på eit obligasjonseigarmøte torsdag 14. desember.
Planen er forhandla fram med bankane og eigarane av ein tilstrekkleg stor del av obligasjonslåna i selskapet i følgje ei , ei meldingsteneste for obligasjonsmarknaden.
Forhandlingane om ei ny refinansieringsavtale starta i fjor haust.
No vil selskapet utsette attendebetaling av banklån til 31/12 2020 og obligasjonslån til 30/6-2021.
Refinansieringsplanen omfattar også restriksjonar på selskapet, mellan anna at resultatet av uventa god drift skal gå rett til långivarane.
Finansdirektør Henning Sundet seier kapitalutvidinga ikkje endrar fordelinga av eigarskapet.
Island Offshore-systemet består av åtte skipseigande selskap med 25 skip. Dei viktigaste eigarane er den amerikanske Chouest-familien og Morten og Håvard Ulstein si familiegrein av Ulsteinfamiliane.
Selskapet har og Trond Mohn som stor långivar.
Planen er forhandla fram med bankane og eigarane av ein tilstrekkleg stor del av obligasjonslåna i selskapet i følgje ei , ei meldingsteneste for obligasjonsmarknaden.
Vi utsette betaling av lån
Island Offshore vart ferdig med første runde med refinansiering våren 2016. Den innebar mellom anna utsetting av attendebetaling av lån til 2018.Forhandlingane om ei ny refinansieringsavtale starta i fjor haust.
No vil selskapet utsette attendebetaling av banklån til 31/12 2020 og obligasjonslån til 30/6-2021.
Refinansieringsplanen omfattar også restriksjonar på selskapet, mellan anna at resultatet av uventa god drift skal gå rett til långivarane.
Meir pengar frå eigarane
Frå eigarane skal det kome 369 millionar friske kroner, som mellom anna skal brukast til å innfri forpliktingar i komandittselskap i systemetFinansdirektør Henning Sundet seier kapitalutvidinga ikkje endrar fordelinga av eigarskapet.
Island Offshore-systemet består av åtte skipseigande selskap med 25 skip. Dei viktigaste eigarane er den amerikanske Chouest-familien og Morten og Håvard Ulstein si familiegrein av Ulsteinfamiliane.
Selskapet har og Trond Mohn som stor långivar.
Publisert: 08.12.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16