Gaar av etter store tap
LEIRVIK: Verftsdirektør Lasse Stokkeland (innfelt t.h.) ved verftet i Leirvik valde måndag å trekke seg etter nye store tap, blant anna knytt til bygging av brønnbåten Ronja Storm (t.h.) og til bygging av fem ferjer til Fjord1 (t.v.). Erlend Hatleberg tar over som vertftsdirektør (innfelt t.v.).
Nytt

Går av etter store tap

Verftsdirektør Lasse Stokkeland går på dagen i Havyard Ship Technology. Erlend Hatleberg tar over.

18.11.2019
Lasse Stokkeland har valt å trekkje seg som dagleg leiar i Havyard Ship Technology AS, der styret har utpeikt Erlend Hatleberg som ny dagleg leiar.
Dette opplyser Havyard Group i ei pressemelding måndag.
Tidlegare måndag vart det opplyst at verftet ikkje berre taper pengar på ein brønnbåt til Sølvtrans og ein pelagisk trålar til France Pelagique, men også på fem ferjer til Fjord1.
Eigenkapitalen er tapt, og verftet må ha hjelp.

- Utfordrande tid

Geir Johan Bakke, konsernsjef i Havyard Group ASA og styreleiar i Havyard Ship Technology (HST) takkar i pressemeldinga Lasse Stokkeland for innsatsen som dagleg leiar i det som har vore ei utfordrande tid for verftet.
- Eg er glad for at Erlend har teke utfordringa og er motivert for jobben som ny dagleg leiar i HST. Erlend er opphavleg frå Leirvik. Han brenn for lokalsamfunnet, og har ved å leie nokre av dei mest krevjande prosjekta ved HST synt at han har kompetansen og røynsla som krevst for å leie eit verft i omstilling mot effektivitet og lønsemd, seier Bakke.
Erlend Hatleberg er 43 år, oppvaksen i Leirvik i Sogn og bur no i Dale i Sunnfjord. Han er utdanna ingeniør i 2003 og har arbeidd mellom anna i Fundo. Han byrja på teknisk avdeling i HST i 2009.
Han vart prosjektleiar i 2011 og har stått for leveransar av PSV-båtar, konstruksjonsfartøy, isbrytarar for russiske reiarar og no for de nye ferjeserien til Fjord1.

Også ny produksjonssjef

Som ein del av endringa i leiinga ved HST blir Stig Breidvik ny produksjonssjef. Han er 52 år og bur i Leirvik i Sogn.
Stig Breidvik har vore tilsett ved HST sidan 1988 og har hatt ulike stillingar innan produksjonsleiing, i dei siste ti åra som prosessleiar produksjon.

Publisert: 18.11.2019 14:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44