GIEK og Innovasjon Norge er klare til innsats
KLAR: Direktør Helge Gjerde i Innovasjon Norge i Møre og Romsdal.
Nytt

GIEK og Innovasjon Norge er klare til innsats

Står klare til å hjelpe bedrifter med fleire titals milliardar i krisehjelp.

Marius Rosbach
27.03.2020
Dei nye krisetiltaka frå styresmaktene blir sett i verk så raskt som mogleg. Fredag sendte både GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) og Innovasjon Norge ut pressemeldingar der dei opplyste korleis bedrifter kan få hjelp.
GIEK administrerer ei ny lånegarantiordning på 50 milliardar kroner for små og mellomstore bedrifter. Ordninga skal treffe heile næringslivet og er ikkje retta mot eksport.

Ta kontakt med eigen bank

Bedrifter som treng kreditt skal ta kontakt med eigen bank. GIEK blir ikkje involvert i søknadene frå bedriftene, men jobbe inn mot bankane og administrere ordninga inn mot Staten, blir det opplyst i frå GIEK.
GIEK har frå før ansvar for fem andre ordningar og 183 milliardar i statlege garantiar. Den nye blei hastegodkjent av ESA onsdag.

Skal styrke bedriftene i regionen

Bedrifter kan også få meir hjelp frå Innovasjon Norge som følgje av dei nye tiltaka. Gjennom krisepakka har dei fått tilført 4,5 milliardar kroner i ekstra midlar som skal gå til utviklingsprosjekt i nyskapande oppstartsbedrifter, små og mellomstore bedrifter og vekstbedrifter.
– Vi skal sørge for at desse pengane raskt kjem i arbeid og bidreg til å styrke bedriftene i vårt område, uttalar direktør Helge Gjerde i Innovasjon Norge i Møre og Romsdal i ei pressemelding.
Regjeringa legg fram forslaga i ein stortingsproposisjon, som skal behandlast i Stortinget over helga. Innovasjon Norge kjem difor tilbake med fleire detaljar i neste veke, ifølge frå Innovasjon Norge.
Det er allereie klart at Innovasjon Norge .

Les også:


Publisert: 27.03.2020 15:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55