G Sport blir borte
SPESIALISERING:  Når G-Sport-kjeden blir avvikla og innlemma i Intersport får Frode Hofseth og dei andre medeigarane to Intersportbutikkar i Ulsteinvik og to Intersportbutikkar i Ørsta. Planen er å behalde butikkane skal behaldast og spesialisere dei enda meir for å nå ulike kundegrupper.
Nytt

G-Sport blir borte

Sportsbutikkselskapet Sunnmøre Sport Holding får dobbelt opp av Intersportbutikkar i Ørsta og Ulsteinvik etter at G-Sport-kjeda blir avvikla. Skal behalde alle.

25.02.2020
Meldinga om at G-Sport-kjeda blir historie og butikkane innlemma i Intersport-kjeden blei langt fram for tilsette på eit riksmøte på Sentrum Scene i Oslo i dag,
– Ingen ting varer evig, og vi er pragmatiske i forhold navn og navneendringer, skriv Olav Nils Sunde i en epost til avisa.
Den utflytte ålesundaren eig ON Sunde, som eig Gresvigkonsernet.

Tap i fleire år

Gresvigkonsernet har gått med store tap i fleire år og avviklinga av G-Sport-kjeden er eitt av tiltaka for å bedre økonomien. Selskapet driv også Intersportkjeda og Sporthuset-kjeda.
Sunnmøre Sport Holding har seks heileigde og ein deleigd sportsbutikk (B.S.Aure Sport i Sykkylven) i Nordfjord og på søre Sunnmøre. Dei seks heileigde ligg i Stryn, Volda, Ørsta og Ulsteinvik og er enten G-Sport eller Intersportbutikkar. Butikkane hadde tilsaman cirka 80 millionar kroner i driftsinntekter i fjor.

Avviklar ikkje

Dagleg leiar Bjørn Valderhaug i Sunnmøre Sport Holding seier selskapet ikkje har planar om å avvikle butikkar sjølv om alle blir Intersport-butikkar.
Sunnmøre Sport Holding har allereie spesialisert sine butikkar, slik at dei skil seg frå kvarandre og er retta mot ulike deler av marknaden. Den spesialiseringa skal halde fram.

Publisert: 25.02.2020 12:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38