Fyrtaarn hagar i havgapet
SVINØYA: Ikkje lett med dyrking på Svinøy fyrstasjon i Herøy, men både her og på mange andre fyrstasjonar vart det drive matauk.
Nytt

Fyrtårn-hagar i havgapet

Er det mogleg å få grønsaker og blomar til å spire og gro på forblåste og ramsalte øyar i havgapet? Fyrfolket langs kysten visste iallfall råd.

18.10.2019
NPK-Kari Hamre: Dei som budde og jobba på fyrstasjonane våre før i tida ville gjerne dyrke jorda og vere sjølvforsynte. Matauk var viktig, og hagebruk var ein del av dette.
I dag blir det gjort mykje for ta vare på dei over 200 fyrstasjonane våre for ettertida, men kjøkkenhagane deira er i ferd med å bli viska bort. No er det gjort ei kartlegging av det som vaks der. Restar av inngjerda hagar og åkrar er funne på nesten alle fyra der det var praktisk mogleg å få dette til.
Boka «Hagebruk og hagevekster på 101 norske fyr» av forskar og botanikar Per Arvid Åsen er eit resultat av denne kartlegginga, som starta allereie i 2002 og har hatt hjelp frå fleire forskarar.
Åsen tar i boka føre seg fyr langs heile kysten – frå Torbjørnskjær fyr i Østfold til Bøkfjord fyr aust i Finnmark – og fortel om hagebruket i tida då fyra var bemanna, i tillegg til å skildre dei plantene som framleis står att på fyrstasjonane. Vi får vite korleis menneska som budde på fyra brukte dei tilgjengelege ressursane frå naturen.
– Dei siste fyra blei avfolka i 2006, og med ein gong folk flytta tok naturen over. Dette er ein måte å dokumentere kva som ein gong fanst rundt desse fyra på før alle spora blir sletta, seier Per Arvid Åsen. Saman med kona Elisabeth har han vitja om lag 90 fyrstasjonar og registrert plantar.
– Det var eit fint feltarbeid der vi kunne kombinere reising i Noreg med ferie der ein normalt ikkje dreg. Vi møtte veldig stor velvilje og hjelp i lokalbefolkninga på kvar stad. Alle er veldig interesserte i fyret sitt, fortel Åsen til Nynorsk pressekontor.

Fyrvaktar med fiskarbondeliv

Alle fyra har si spesielle historie med bygningar og storslått natur rundt seg. Nokre ligg på fastlandet med gode moglegheiter for å kome seg til og frå, andre på meir vêrharde øyar og holmar der ein måtte hamstre mat og sikre seg over lengre tid.
Fyradministrasjonen forstod tidleg at dei som skulle bu på fyrstasjonane hadde lyst til å drive småbruk, dyrke jorda og vere mest mogleg sjølvberga. Fyrvaktaren hadde gjerne familien sin med seg. Administrasjonen prøvde derfor å etablere stasjonar der det var litt jord slik at ein kunne ha småskala jord- og hagebruk og ha plass til nokre husdyr. Naturleg nok var dette umogleg enkelte stader, men det finst døme på at jord vart frakta til fyret og plassert i lune groper mellom svaberga slik at ein kunne dyrke bitte litt. Då var det viktig å ta jorda inn før hauststormane og bølgjene vaska ho på sjøen.
Der det låg til rette for det, blei livet på fyrstasjonen eit slags fiskarbonde-tilvære. Fyrfolket kombinerte småbruk, jakt, fiske og eggsanking. I folketeljinga frå 1900 er det til dømes oppgitt kjøkkenhage på 21 fyrstasjonar.
– For fyrfamiliane var jordbruket ein del av betalinga på mange måtar. Dei måtte dyrke jorda for å få det til å gå rundt. Dei safta og sylta, salta og hermetiserte kjøtt, dyrka poteter og grønsaker – og prydplantar skapte glede i kvardagen.
- Då familiane flytta frå fyrstasjonane og fyra fekk bemanning i turnus, blei det mest hobbydyrking. Og etter at fyra vart automatiserte har hagane forsvunne veldig fort. Nokre stader er det overgrodd, andre stader har sauer beita ned alt. Men mange fyrforeiningar er interesserte i å ta vare på det som er att og få tilbake artar som vaks der før, seier Åsen.

Spor frå fyrjordbruket

Til saman har kartlegginga funne over 240 plantar som framleis står att på fyrstasjonane. Prosjektet har registrert 170 ulike prydplantar, 30 grønsaker og krydderplantar, sju frukttre og ni ulike bærbuskar – i alt 223 ulike hagevekstar.
Det var poteta som var den viktigaste matpanten, i alt er det oppgitt at poteter vart dyrka på 52 stasjonar. Gulrot er kjent dyrka heilt nord til Finnmark. Rabarbra, grasløk og karve var elles vanleg i fyrhagane. Ein veit også at det vart dyrka nepe, reddik og salat nokre stader, og til og med tomatar. Av frukttre og bærbuskar er det funne eple, plomme, morellar, surkirsebær, svarthyll, rips, solbær, stikkelsbær og bjørnebær.

Bondehagestauder

– Når det gjeld prydplantar var fyrfolket glade i dei same plantane som nordmenn flest hadde i hagane sine. Det er dei kjende og kjære gamle bondehagestaudene som er å finne i fyrhagar i dag, fortel botanikaren.
Påske- og pinselinjer er vanleg å sjå. Elles kan ein framleis finne til dømes prakthjelm, akeleie, klokkeblåstjerne og dagliljer for å nemne nokre. Alle desse spreier seg lett og held seg lenge på same stad. Det er også framleis historiske kulturroser å sjå på 11 fyr og rynkeroser på 17 fyr, heilt nord til Troms. Ein del av desse rosene er svært hardføre.

Livd for vinden

På dei forblåste og karrige fyrstasjonane var det ikkje mange tre. Tre gav derimot trivsel og ly for vêr og vind, og mange fyrvaktarar ønskte seg derfor tre. Men det var ikkje lett å få til treplanting i den salte sjøsprøyten.
I kartlegginga er det likevel notert funn av 40 ulike treslag (utanom frukttre). Sitkagrana er det mest vanlege treslaget. Elles ser syrin ut til å ha vore populær. Platanlønn og pil er også funne fleire stader. Blant prydbuskane er det berberis, gyvel, eføy, gullrips og spirea og mange fleire.
Dei safta og sylta, salta og hermetiserte kjøtt, dyrka poteter og grønsaker

Publisert: 18.10.2019 15:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:41