Full priskrig paa sei
PRISKRIG: Gode tider for seifiskarane, og kjøparane kappast om seien.
Nytt

Full priskrig på sei

Opne mottak og stadig stigande prisar gjer at seifiskarane må ha veldig gode grunnar elles til å ta påskeferie i år.

Administrator
22.03.2016
Vêrforholda er det einaste som kan hindre framhald av den gode og stadig meir lønsame aktiviteten på seigrunnene utfor sunnmørsøyane.
- Rund snøresei kjøper vi no for 11 kroner kiloen, fortel dagleg leiar Gjermund Bringsvor ved Sandefisk.

Krigar på pris

Det betyr at ved mottaket på Sandshamn har dei auka prisen med enda ein femtiøring i eit forsøk på å få tak i meir av den attraktive snøreseien.
Dette er fjerde gongen på kort tid at det eine av dei to mottaka på Søre Sunnmøre har lagt på prisen som heilt fram til for ei veke sidan låg på ni kroner kiloen.

Fin verdiauke

For fiskarane betyr kampen om seien at ein gjennomsnittleg dagsfangst på to snøre i dag har ein meirpris på rundt tre tusen kroner samanlikna men før priskrigen starta.
- Grunnen er at vi ønskjer å auke på snøresei som det er manko på i marknaden og som vi har kundar til.
Slik forklarar Bringsvor priskrigen som fiskekjøparane på Sandshamn har lagt opp til på snøresei. Tidlegare i vinter er det mest garnbåtar som har vore tilknytta mottaket på Sandsøya.
For garnfanga sei ligg prisen framleis på 8,50.

- Det er full krig

Ved Marine Sales i Stokksund har dei ikkje så mykje til overs for priskrigen som konkurrentane på Sandshamn har lagt opp til.
På dei beste dagane har over tretti båtar vore innom mottaket i Stokksund, og dagleg leiar Raymond Moltu har heller ikkje registrert noko forfall å snakke om etter at priskrigen starta.
- Vi har følgd etter opp til ti kroner, men der har vi stoppa. Marknaden gjenspeglar ikkje eit prisnivå over det, seier han.
Moltu meiner full krig er rette karakteristikken av det som no går føre seg med snøresei.

Stenger i tre dagar

Medan Sandefisk signaliserer at dei vil halde ope så lenge der er båtar som driv, vil mottaket i Stokksund halde stengt fredag, laurdag og søndag.
- Torsdag er siste dagen her med oss, og så opnar vi igjen mandag. Dette har vi bestemt oss for etter å ha prata med ein del av båtane, seier Moltu.
Han har inntrykk av at det er mange fiskarar som no ser fram til å ta seg nokre dagar fri etter hardkøyret som har vore dei siste vekene.
Vêrutsiktene for påska er heller ikkje dei beste, og difor tvilar Moltu på at dei vil gå glipp av så mykje med å halde helg nokre dagar i høgste påska.
Grunnen er at vi ønskjer å auke på snøresei som det er manko på

Publisert: 22.03.2016 10:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54