Full fart oppover for Havila aksjen
OPPTUR: Havila-aksjen stig kraftig på Oslo Børs frå rekordlave nivå. Det tyder på at aktørar trur selskapet vil klare seg, i motsetning til World Wide Supply, her med World Pearl som speglar seg i Havila-bygget Diamanten.
Nytt

Full fart oppover for Havila-aksjen

Havila Shipping-aksjen stig kraftig på Oslo Børs.

15.03.2016
Rundt klokka elleve måndag vert aksjen handla til 2,40 kroner aksjen. Det er meir enn ei dobling på seks dagar.
Selskapet er så langt dagens klare børsvinnar på Oslo Børs, med ein auke på 41 prosent.

Konkursfrykt

Sist tysdag opplyste Havila Shipping at obligasjonseigarane på det usikra lånet til 500 millionar kroner hadde vendt tommelen ned for selskapet sin restruktureringsplan.
Nyheita skapte frykt mellom Havila-aksjonærane, og på det lavaste vart aksjen handla til 1,10 kroner aksjen. Det prisa selskapet til 33 millionar kroner, og førde til ei rekkje medieoppslag om ein muleg konkurs for Herøy-selskapet.
Siste to børsdagane har derimot aksjen stige kraftig, noko som tyder på at der er aktørar i marknaden som forventar at selskapet vil klare seg, og at konkursprisinga var ein kraftig overreaksjon.

Ekstremt fall

Ein børskurs på 2,40 kroner aksjen og ei prising på 72 millionar kroner er uansett svært lavt for eit selskap som for eitt år sidan hadde ein børsverdi på 423 millionar kroner.
På det meste har kursen vore oppe i 120 kroner aksjen, seksti gongar meir enn dagens kurs, og eit verdifall på 96 prosent.
Havila Shipping-direktør Njål Sævik seier at han legg merke til at aksjen stig.
- Dette er noko vi registrerer. Utover det har vi ingen kommentar.

Publisert: 15.03.2016 09:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53