Full drift igjen paa Vigra basen
NY SESONG: Tusenvis av meter med rør har vore produserte på Vigra sidan oppstarten i 2008. Denne sesongen er det 14 toms produksjonsrør til Wintershall Maria som skal produserast.
Nytt

Full drift igjen på Vigra-basen

I dag kjem rørproduksjonen igang igjen ved Subsea7 sin base på Vigra. Med eit lite avbrekk blir det full drift ved basen fram til midten av mai.

Administrator
30.01.2017
Jan Roger Moksnes, som er kommunikasjonssjef ved Subsea7 sitt hovudkontor i Stavanger, fortel at det er 26 kilometer produksjonsrørleidning til Wintershall Maria som skal produserast denne sesongen.
Maria-feltet, som ligg i Norskehavet 45 kilometer sør for Heidrun, er Wintershall si første undervassutbygging. Røra som blir produserte på Vigra skal knyte Maria saman med produksjonsplattformene Kristin, Heidrun og Åsgard B.
Maria-feltet er estimert til å innehalde 180 millionar fat utvinnbar olje.

Hektisk for Busengdal

For Busengdal transport, som har oppdraget med all handtering av rør på Vigra-basen, er gjenoppstarten eit ekstra positivt bidrag til drifta i ein frå før hektisk periode med mange anlegg i sving.
- Alt i alt må vi ha rundt tretti personar tilgjengeleg der ute på basen, fordelt på to skift, fortel dagleg leiar Rolf Anders Håberg.

Tilset folk på prosjekt

Håberg fortel at for å få bemanningskabalen til å gå opp for eit relativt kortvarig prosjekt, har dei tilsett eit titals personar på kvart skift til dette konkrete oppdraget. Resten er folk som blir flytta innafor den ordinære staben ved at drifta på Digernes blir redusert i den aktuelle perioden.
Det betyr at medan spolebasen på Vigra er operativ, vil Stordal-bedrifta ha ein total arbeidsstokk på 95-100 personar i sving på ulike anlegg og i administrasjon.

Drift fram til 17. mai

Nokre personar har allereie vore i sving ei tid med mottak av rør. I dag startar sjølve rørproduksjonen, og fram til midten av mars vil der vere full produksjon ved basen. Deretter blir det ein kortvarig stans fram til spolinga startar i april og vil pågå fram til 17. mai. Då blir det slutt på Vigra for denne gongen.
Håberg fortel at det har gått greitt å bemanne opp igjen basedrifta, og inntrykket er at det er lettare å få tak i folk no enn det var ei tid. Fleire av dei som no blir tekne inn er folk som tidlegare har vore prosjekttilsette og som er tilgjengelege i marknaden.
- Kabalen er løyst utan at det har vore nødvendig å gå aktivt ut og søke etter folk.

Full sysselsetting

Kontraktar som blei inngått på slutten av fjoråret, samt nye ting som er på gang, gjer at 2017 teiknar til å bli eit hektisk år for Stordal-bedrifta. Ifølge Håberg har dei ei kontraktsdekning som tilseier full sysselsetting mesteparten av året.
- Utfordringa vår no blir å gjennomføre prosjekta på ein best muleg måte, effektivt og med god inntening, seier han.
Utfordringa vår no blir å gjennomføre prosjekta på ein best muleg måte

Publisert: 30.01.2017 10:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05