Full aktivitet i Brunvoll Volda
BETRE MARKNAD: Markanden er ikkje heilt friskmeldt, men spesielt innan fiskebåt har ordreinngangen vore god, seier Kirsti Gjørvad, visepresident for marknadsføring og sal i Brunvoll.
Nytt

Full aktivitet i Brunvoll Volda

Nok ei fiskebåtkontrakt er med på å gi dei tilsette i Brunvoll Volda nok å gjere heile året. Aukar arbeidsstokken.

20.03.2018
Brunvoll Volda er i ferd med å intervjue kandidatar til sal-, innkjøp- og servicejobbar og har ei ordrebok som gir selskapet oppgåver ut heile 2018.
Det er spesielt fiskebåtmarknaden som dreg opp.
- Marknaden er ikkje friskmeldt heilt, men innan fiskebåt har vi hatt ein relativt god inngang (av oppdrag, red. merk), seier Kirsti Gjørvad, visepresident for marknadsføring og sal.

Ny kontrakt

Brunvoll Volda, tidlegare Scana Volda, vart kjøpt av Brunvoll i Molde i 2016. Ideen var blant anna å kunne tilby ei større gruppe produkt saman enn dei to selskapa kunne kvar for seg.

I dag offentleggjorde Brunvoll ein nye fiskebåtkontrakt, der arbeidet skal gjerast i Volda og i Molde.
Brunvoll skal leverer eit "to-speed framdriftsanlegg, ein kombinert opptrekkbar azimuth/tunnel thruster i forskipet, ein tunnel thruster i akterskipet og integrert kontrollsystem for framdrift og manøvrering", i følgje ei pressemelding. Prisen på leveransen er ikkje offentleggjort.
Utstyret skal ombord i ein linebåt Atlantic Longline har bestilt hos Tersan Shipyard i Tyrkia.

Publisert: 20.03.2018 16:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19