Fryseria maa bli kaldare
UNDER 21: Endre Blindheim (t.v.) og Bjørn Fladmark held temperaturen under 21 grader på Sunnmøre Fiskeindustri driver fryseterminal. Selskapet og morselskapet Normarin investerte for 15-20 millionar kroner i oppgradering av fryseterminalen. Skal temperaturen ytterlegare ned må det investerast ytterlegare betydlege beløp i følgje Fladmark.
Nytt

Fryseria må bli kaldare

Fiskeindustrien må skru ned temperaturen på fryseri og innfrysingsanlegg. 18 minusgrader er langt frå kaldt nok, seier Nofima-forskar.

10.01.2020
I tre år har forskar Svein Kristian Stormo og kollegaene i Nofima arbeidd med å finne dei beste metodane for frysing og tining av torskefisk. I går tok Stormo livet av ein seigliva myte då han presenterte funna på Ombordfrystkonferansen i Ålesund: Det finnes ikkje noko vitskapleg grunnlag for å tru at 18 minusgrader er nok, sjølv om det er ei vanleg oppfatning i næringa.
- Industrien som ønskjer å ha god kvalitet på frosenfisken bør begynne å skru temperaturen lågare, seier Stormo til NETT NO.
Kor mykje lågare har han førebels ikkje svar på, men han trur det bør vere mykje kaldare.
- Eg trur mykje er gjort på minus 30 grader, seier han.

Vil sette i gang ein tanke

Stormo seier til NETT NO at poenget med foredraget på Ombordfrystkonferansen var få fiskerinæringa til å tenkje nytt om frysing av fisk.
Han ventar ikke ei umiddelbar omlegging til lågare temperaturar, mellom anna fordi det vil kreve store investeringar og føre til auka energikostnadar, men håpar å ha sett i gang ein prosess.

Løser seg ikkje

Bjørn Fladmark i salsselskapet Normarin, som eig fryseterminalselskapet Sunnmøre Fiskeindustri, seier dei har vurdert lønsemda i å lagre fisken enda kaldare enn dei gjer i dag, på minus 21 til minus 23 grader.
Vurderinga blei gjort i samarbeide med Stormo og konklusjonen var at det ikkje ville løne seg. Skal temperaturen senkast må det investerast betydelege beløp i anlegget, samstundes som det vil kreve meir energi, utan at det er råd få få nok ekstra betalt for auken i kvaliteten på fisken.
Eit anna poeng - ettr Fladfmark si vurdering - er at fisken må haldast like kald hos alle aktørane i varekjeda fram til forbrukar. Sviktar det i eitt ledd går det ut over kvaliteten.

Publisert: 10.01.2020 06:00

Sist oppdatert: 02.03.2021 14:37