Fryktar nytt klasseskilje i kampen om sommarjobbane
SOMMARJOBB: Ungdomspolitikarane Ina Libak frå AUF og Lasse Fredheim frå Unge Høyre er bekymra for at omgangskretsen til foreldra skal bety stadig meir for sjansane ungdommane har til å få sommarjobb. Dei var med i debatten «Sommerjobben som forsvann» under Arendalsveka tysdag. 
Nytt

Fryktar nytt klasseskilje i kampen om sommarjobbane

Stadig færre ungdommar har ein sommarjobb, og det er særleg ungdom med foreldre med nettverk og ressursar som får jobb. Det bekymrar ungdomspolitikarane.

14.08.2018
NPK-NTB-Birgitte Iversen: Kvifor har så få ungdommar i dag sommarjobb, og kvifor er det først og fremst ungdom frå ressurssterke familiar som jobbar om sommaren?
Det var blant temaa da ungdomspolitikarane Ina Libak frå AUF og Lasse Fredheim frå Unge Høyre møttest til debatt på McDonald's i Arendal tysdag morgon under vignetten «Sommerjobben som forsvann».
Ein rapport frå viser at mens 75 prosent av alle 17-åringar hadde sommarjobb på slutten av 1990-talet, så var det berre 37 prosent av norske ungdommar som arbeidde i sommarferien i 2016. Statistikken viser også at det først og fremst er ungdom med ressurssterke foreldre som får jobb om sommaren.
Dette støttar hypotesen om at desse ungdommen lettare får sommarjobb på grunn av tilgang til større nettverk og omgangskrets – til dømes gjennom arbeidsplassen til foreldra, heiter det i rapporten.

Klasseskilje

Ungdomspolitikarane er bekymra over utviklinga.
– Det som er veldig synd med dette, er at dei som får ein fot innanfor arbeidsmarknaden med ein sommarjobb, vil ta med seg verdifull arbeidserfaring som gjev deg ein fordel vidare. Det betyr at det blir eit klasseskilje allereie frå første jobb og ein slags følgjefeil som følgjer deg vidare gjennom arbeidslivet, seier Ina Libak til NTB.
– Før fanst det mange ufaglærte sommarjobbar der du berre trong å vera eit arbeidsjern, og det var litt likegyldig kven bedrifta tok inn. I dag er dei sommarjobbane som blir tilbydde, gjerne praksisplassar og arbeider i store bedrifter, der kontaktnettverk og jobbstatusen til foreldra kanskje har meir å seia. Det er urovekkjande viss det er noko som etablerer seg, seier Lasse Fredheim.
Fredheim fryktar Stortinget-vedtaket før sommaren om å stramma inn for innleigebruken for bemanningsbyråa, vil forsterka utviklinga.
– Den lettaste vegen å få seg ein jobb på, er via bemanningsbyråa. Når Stortinget no strammar inn, vil det overlate endå meir til kontaktnettverk og kjennskap og gjera det endå vanskelegare for unge å få ein deltidsjobb sommarjobb og ein fot innanfor arbeidslivet, meiner han.

– Har råd til å kvila

Fredheim meiner mange unge også frivillig vel bort sommarjobb, fordi dei har råd til det og fordi dei arbeider så mykje med skule og studium gjennom resten av året og treng å kvila om sommaren.
– Eg trur unge i Noreg i dag har blitt meir kresne. Dei er privilegerte og ønskjer ikkje å ta ein del av dei tradisjonelle jobbane, som til dømes jordbærplukking, seier han.
Ina Libak meiner det blir feil å leggja skulda på «late» og «kresne» ungdommar. Ho viser til ein rapport frå Virke nyleg som viste at 55 prosent av medlemsbedriftene til organisasjonane ikkje planla å tilsetja sommarvikarar i år.
– Det er ein veldig nedgang. Eg skal ikkje konkludera om kva som er grunnen, men det kan hengja saman med eit meir brutalt arbeidsliv generelt med meir bruk av nulltimarskontraktar. Når ein kan bruka arbeidskrafta så fritt som ein kan i dag, så kan ein jo ha meir folk på mellombelse stillingar og dermed færre fast tilsette som ein treng sommarvikarar til, seier Libak.
– Derfor går AUF inn for å forby nulltimarskontraktar, seier Libak.
Ho seier mange ungdommar også strevar hardt for å få sommarjobb og har sendt søknad på søknad før dei eventuelt er så heldige at dei får ein jobb.

Publisert: 14.08.2018 15:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25