Fryktar koronaeffekten ikkje er over
UVISSE: I dag går drifta hos bilforhandlarane og -verkstadane som normalt, men Toyota Nordfjord og Førde-sjef er usikker på koronaeffekten. Han eig selskapet saman med sine brør, Rune og Frode.
Nytt

Fryktar koronaeffekten ikkje er over

Bilforhandlaren Toyota Nordfjord og Førde fekk ein god start på året, men er usikker på utfallet.

13.07.2020
- Eg har ikkje trua på at desse koronagreiene er heilt over enno, så eg er ikkje heilt sikker på det spørsmålet, svarar Toyota Nordfjord og Førde-sjef Ørjan Solvang på spørsmål om korleis det økonomiske resultatet blir for 2020.
Selskapet driv bilsal- og - verkstad i Måløy, Stryn og Førde, og har i fleire år vore blant dei mest lønsame forhandlarane på Nordvestlandet.
Dei fire første månadane i år starta med eit sal langt over budsjett, 134 signerte nybilkontraktar mot budsjetterte 98, i følgje årsmeldinga for 2019. Men koronaepidemien og tiltaka mot den råka også Toyota Nordfjord og Førde. I ein månads tid var det merkbart stille, og sjølv om det i dag er omlag normal drift er inntektene så langt i år omlag på same nivå som på same tid i fjor, ifølgje Solvang.

Invester i eigedom

I tillegg til å selje og reparere bilar investere Toyota Nordfjord og Førde i eigedom.
Tidlegare i år sto eit næringbygg til 40 millionar kroner ferdig i Dekenpollen ved Måløy. Bygget er leigd ut til Mowi og ein Byggfagbutikk eigd av entreprenørselskapet Dragebygg.
I haust startar bygginga av ei bustadblokk med 11 leiligheiter i same område. Det er eit prosjekt der Toyota Nordfjord og Førde eig halvparten, saman med Dragebygg, som står for utbygginga. Planen er å bygge i alt tre blokker.
i 2016 kjøpte Toyota Nordfjord og Førde sju mål næringsareal aust for Stryn sentrum. Der er der no eit nytt butikk-og verkstadsbygg, som selskapet nyttar.

Publisert: 13.07.2020 08:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59