Fryktar ikkje rentesjokk
GJELD: Ulstein kommune og ordførar Knut Erik Engh har tatt ei rekkje grep for å få kontroll over gjeldssituasjonen i kommunen.
Nytt

Fryktar ikkje rentesjokk

Ulstein kommune er gjeldstyngd, men har rentesikra store deler av gjelda. Ordføraren tek dagens renteauke med ro.

20.09.2018
- Ja, dette er noko vi hadde føresett. Difor har vi også rentesikra store deler av gjelda, seier Knut Erik Engh (Frp).
Norges Bank sette i dag opp styringsrenta frå 0,5 prosent til 0,75 prosent.
Ulstein kommune har samla rundt 1,5 milliardar kroner i gjeld, og ein renteauke på 0,25 poeng ville fort gitt 3,75 millionar kroner i auka renteutgifter.
Men slik vert det ikkje.
- Av 940 millionar i gjeld knytt til bygningsmasse, har vi rentesikra rundt to-tredjedeler, seier Engh.
Han opplyser at med ein samla renteauke på eit heilt poeng, vil dei samla renteutgiftene for kommunen auke med seks millionar kroner.

2,0 prosent i slutten av 2021

No er det derimot lite som tyder på at det vert ein snarleg stor renteauke, ettersom Norges Bank parallelt med dagens rentehopp senka rentebana framover.
Men Sentralbanken indikerer uansett at renta vert sett opp i 1. kvartal neste år, og at renta vil nå 2,0 prosent ved utgangen av 2021.
Ulstein kommune hadde ved utgangen av 2017 ei gjeld per innbyggjar på 165.014 kroner, ifølgje Kommunefakta.

Til samanlikning har nabokommunen Hareid ei gjeld per innbyggjar på 65.801 kroner, medan Herøy har 82.326 kroner.
Ålesund har på sin side ei snittgjeld per innbyggjar på 78.040 kroner.

Strenge eigenkapitalkrav

Ordførar Engh seier at i tillegg til rentesikring, har kommunen tatt ei rekkje andre grep for å få kontroll over økonomien.
- Mellom anna har vi sett som krav at ved alle nye investeringar skal eigenkapitaldelen vere på minst 20 prosent.
Han legg likevel ikkje skjul på at økonomien er sårbar, og etter fleire år med kraftig vekst passa det svært dårleg med at deler av næringslivet fekk store problem.
- Men vi ser også at det no er vekst i fleire bransjar, og mange bedrifter er også på jakt etter nye tilsette.
- Det lovar bra for framtida, seier han.
Men vi ser også at det no er vekst i fleire bransjar

Publisert: 20.09.2018 15:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26