Fryktar ikkje konkurranse fraa Hurtigruten
KYSTRUTEN: Per Sævik seier at departementet nok vil bruke utestemma om ikkje Hurtigruten ASA og Havila Kystruten karer å samarbeide godt nok om drifta av Kystruten.
Nytt

Fryktar ikkje konkurranse frå Hurtigruten

Hurtigruten vil konkurrere med Havila Kystruten på dei dagane Herøy-selskapet seglar. Det ser ikkje Per Sævik mørkt på.

26.03.2018
- Om det er slik at Hurtigruten klarer å tene pengar desse dagane utan å få hjelp av statsstøtte, kan eg ikkje forstå anna enn at det må vere ekstra god butikk for oss som har statsstøtte i ryggen, seier Per Sævik i Havila Kystruten.
Etter at det vart klart at Havila Kystruten skal segle strekninga Bergen - Kirkenes med fire skip og Hurtigruten med sju skip, gjorde konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten ASA det klart at Hurtigruten uansett skal gå alle dagar, også dei dagane Havila Kystruten står for trafikken.

Cruisetilbod

Men desse fire dagane skal Hurtigruten drive utan statstøtte, med færre stoppestadar og med lengre opphald på kvar stad.
Regelverket er slik at Hurtigruten ikkje kan ta på lokaltrafikkpassasjerar desse dagane, men kan for eksempel tilby eit cruisetilbod Bergen-Kirkenes eller Kirkenes-Bergen.
I følgje Samferdselsdepartementet får Hurtigruten ASA og Havila Kystruten til saman 788 millionar kroner for å trafikkere dei 34 hamnene frå Kirkenes til Bergen.
- Vi meiner sjølve at vi skal tene gode pengar på det oppdraget vi har fått. Om Hurtigruten klarer å tene pengar på å drive ruter utan statsstøtte, så er det bra, seier Sævik.

Vil bruke utestemme

Men han seier at for det øvrige tilbodet som er regulert gjennom avtalen med staten, forventar han at Hurtigruten og Havila Kystruten klarer å få til eit godt samarbeid.
- Ja, det er ein klar føresetnad frå samferdsledepartementet. Om vi ikkje klarer å samarbeide, vil nok departementet ta i bruk utestemma.
Medan Havila Kystruten skal byggje fire nye skip til å trafikkere den statsstøtta delen, kjem Hurtigruten til å bruke skipa som er bygde før år 2000.

I det heilkommersielle tilbodet vil Hurtigruten derimot bruke tre tre skip som er bygde i 2002/2003; Trollfjord, Finnmarken og Midtnatsol og eitt av dei to nybygga som skal leverast frå Kleven; Roald Amundsen eller Fridtjof Nansen.
PS: Havila Kystruten er eit heileigd selskap av Havila Holding, som eig 33,4 prosent av Bakkar og Berg Media, utgivarselskapet bak NETT NO.
Om vi ikkje klarer å samarbeide, vil nok departementet ta i bruk utestemma

Publisert: 26.03.2018 14:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:20