Fryktar hybridvedtak vil bremsa utviklinga
VIL HA OPP TEMPOET: Dagleg leiar Stein Kvalsund i Hub for Ocean under eit foredrag i fjor haust, med ein digital modell av Brødrene Aa sin hurtigbåt med hydrogendrift på lerretet. Kvalsund leiar hydrogenklynga som blei oppretta i 2018, som mellom anna arbeider for å utvikle ein utsleppsfri hurtigbåt. 
Nytt

Fryktar hybridvedtak vil bremsa utviklinga

Produsentane av utsleppsfrie hurtigbåtar er uroa.

30.09.2020
NPK/NETT NO: Fleire hurtigbåtutviklarar fryktar utviklinga av utsleppsfrie hurtigbåtar vil gå tregare etter at fylkesutvalet i Vestland tysdag gjekk inn for å erstatta dei dieseldrivne hurtigbåtane mellom Bergen og Sogn og Fjordane med hybridbåtar innan 2024.

Vedtaket inneber at fylkespolitikarane går bort frå vedtaket dei gjorde i desember om «innfasing av nullutsleppsteknologi frå 2022 og seinast 2024» for hurtigbåtane i sambandet. Dette vekkjer reaksjonar hjå fleire utviklarar i skipsindustrien.

Satsa på null-utslepp

– Fylkeskommunane har gått saman for å be om ei nullutsleppsløysing. Vi var førebudd på konkurranse, men ikkje på at ein kunde brått seier nei og forsvinn, seier administrerande direktør Torbjørn Bringedal i skipsdesignarselskapet LMG Marin til
Selskapet er ein av fleire aktørar som har brukt store ressursar på å utvikla ei hurtigbåtløysing for nullutslepp. Ifylgje Bringedal kunne konseptet greidd å levera ei utsleppsfri hurtigbåtløysing innan 2024, men no fryktar han at det statsstøtta prosjektet ikkje blir noko av.

Tapt sjanse

Også dagleg leiar Hege Økland i den maritime industriklyngja NCE Martime Clean Tech meiner vedtaket får konsekvensar for den teknologiske utviklinga for nullutsleppsbåtar.
– Fylkespolitikarane vil kutta klimautsleppa kjapt, og oppnår det. Men dersom ein ikkje samtidig får fram ein utviklingskontrakt for nullutsleppsfartøy, skuslar ein samtidig bort ei moglegheit til industri- og teknologiutvikling, seier ho til avisa.
Både fylkesordførar Jon Askeland (Sp) og fylkesvaraordførar Natalia Golis (MDG) forsvarar på si side vedtaket. Dei meiner begge at vedtaket er forma slik at bransjen kan velja den teknologiske løysinga dei ønskjer og at det dermed ikkje er til hinder for utsleppsfrie båtar.

Klar på 28 månadar

Stein Kvalsund frå Florø-baserte Ocean Hyway Clüsters og Hub for Ocean sa på ei møte i Maritime forening for søre Sunnmøre (Mafoss) i fjor haust at Brødrene Aa kunne vere klar med ein hydrogendriven hurtigbåt innan 28 månadar.
Men Kvalsund etterlyste større engasjent frå statleg hald for å få tatt hydrogen i bruk.
– Næringa er klar til å realisere nullutsleppsamband, men det går for seint i regjeringskvartalet, sa han.

Publisert: 30.09.2020 13:12

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:13