Fryktar hotella faar konkurranse av utanlandske skip
HELLESYLT: Hurtigruteskipet Fridtjof Nansen blei brukt som innkvartering i Hellesylt i sommar då Tom Cruise spelte inn sin nye film.
Nytt

Fryktar hotella får konkurranse av utanlandske skip

Stortingsrepresentant meiner det er oppstått uklarheit kring lovverket som kan svekke norske arbeidsplassar på land.

Marius Rosbach
26.11.2020
Kva hindrar eit utanlandsk reiarlag frå å legge eit skip i ei norsk hamn i nokre veker for å drive hotell - med tilsette på heilt andre lønns- og arbeidsvilkår, enn overnattingsverksemdene på land?
Om lag slik kan bekymringa til stortingsrepresentant Terje Aasland (Ap) oppsummerast. Han har stilt eit spørsmål til næringsminister Iselin Nybø i Stortinget om saka.

Meiner det er uklarheit om reglane

Bakgrunnen er under i sommar.
I kjølvatnet av striden kring bruken av utanlandske tilsette, meiner Aasland det er oppstått uklarheit kring regelverket.
– Ein konsekvens dersom det er uklarheit, er at fleire reiarar med skip av ulike flagg kan tenkast å operere med hotellverksemd i norske hamnar frå skip. Ein verksemd som vil står i direkte konkurranse med næringsverksemd på land, skriv han i bakgrunnen for .

Fryktar svekking av bedrifter på land

Hurtigruten nytta tilsette frå tredjeland, som har lønns- og arbeidsvilkår lang under det som er vanleg i Norge. Norsk Sjømannsforbund og Fellesforbundet melde difor Hurtigruten til politiet for brot på utlendingslova, men saka blei lagt vekk av «allmennpreventive hensyn».
Den avgjerda er påklaga, men Aasland viser til at Hurtigruten i media har teke politiet si avgjerd som ei stadfesting på at dei var innafor lova.
Om andre utnyttar dette, meiner han det kan «undergreve seriøse næringsdrivande langs heile kysten».

Varigheita er avgjerande

Næringsminister Iselin Nybø erkjenner at det ikkje er noko som hindrar utanlandske skip å drive næringsverksemd i norske hamner. Det avgjerande i eksempelet med hotelldrift, vil vere varigheita av drifta.
Nybø viser til at eit skip som driv «permanent hotellverksemd i hamn», med inn- og utsjekking som eit vanleg hotell, vil måtte følgje den norske arbeidsmiljøloven. Då er verksemda ikkje lengre rekna å vere innan skipsfart.
Derimot vil skip som berre i «kortare periodar ligg i hamn med passasjerar, eller som ligg i hamn i samband med cruiseseglas, vere naturleg å anse som sjøfart». Då gjeld dei maritime reglane – og utanlandske arbeidstakarar om bord vil berre ha behov for opphaldsløyve om skipet har verksemd mellom norske hamnar.

Vil vente på maritimt utval

Næringsministeren har sjølv meint at Hurtigruten har operert i ei juridisk gråsone, og har tidlegare sagt at ho vil vurdere lovendringar.
Først vil ho vente til eit maritimt utval leia av tidlegare fiskeridirektør Liv Holmefjord er ferdig med sitt arbeid mot slutten av året.
Nybø seier at dei mellom anna skal vurdere om det bør innførast eit krav om norske lønns- og arbeidsvilkår på utanlandske skip som driv verksemd i norske farvatn.

Les også:






Fleire reiarar med skip av ulike flagg kan tenkast å operere med hotellverksemd i norske hamnar frå skip

Publisert: 26.11.2020 13:49

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:55