Fryktar fatale konsekvensar for klynga
13 VERFT HAR KLAGA: Ulstein (t.v.), Fiskerstrand (midten) og Vard sitt Brattvåg-verft  er mellom dei 13 verfta som har klaga på pålegga. Det er ikkje kjent kor lang tid det vil Miljødirektoratet å behandle klagene. 
Nytt

Fryktar «fatale» konsekvensar for klynga

Fylkespolitikarane ber Staten stille opp for å rydde opp i forureina sjøbotn ved skipsverft. Norsk Industri fryktar konsekvensane  om det ikkje skjer - og meiner verfta blir forskjellsbehandla.

Marius Rosbach
25.02.2020

Ved 13 skipsverft i Møre og Romsdal er det gitt pålegg om å gjere undersøkingar og lage ein tiltaksplan, for å finne ut kva som skal gjerast med forureina sjøbotn ved eigedomane. Rekninga ved ei full opprydding kjem truleg på fleire titals millionar kroner for kvart verft.

Bedriftene sjølv og fleire andre har protestert mot pålegga frå fylkesmannen - og at skipsverfta må ta rekninga.

Seinast måndag gjekk fylkesutvalet i Møre og Romsdal samrøystes inn for ei der dei gir uttrykk for dei er «sterkt uroleg for kva miljøpålegget frå Fylkesmannen om å levere tiltaksplaner for å sanere sjøbotnen ved verfta kan bety for den maritime industrien i Møre og Romsdal».

Fylkespolitikarane ber Staten ta større del av kostnadane og stiller spørsmål ved samfunnsøkonomien ved kostnadskrevjande pålegg.

– Store negative ringverknader

Norsk Industri er mellom dei som også fryktar konsekvensane og har engasjert seg i saka.

– Det vil ha store negative ringverknader for samfunna langs kysten om det som i dag er levedyktige verft, går over ende, seier fagsjef Sverre Alhaug Høstmark for forureining og ytre miljø i Norsk Industri til NETT NO.

Han stiller spørsmål ved metodane som blir nytta til å rydde opp, og kva samfunnsnytte ein får ut av tiltaka.

– Samfunnsnytta vil iallfall bli negativ om eit verft i Ulstein får ei rekning på 50 millionar og må legge ned, legg Høstmark til.

Forskjellsbehandling

Norsk Industri meiner det dreiar seg om ei urettvis forskjellsbehandling, når det er nytta betydelege offentlege midlar for å rydde opp ved tidlegare verftsanlegg i Oslo, Trondheim og Bergen. Gjennom storstilte byutviklingsprosjekt, er det gitt statlege midlar til å handtere forureina masser gjennom tilskotsordningar. Organisasjonen meiner dette i første rekke har gagna eigedomsutviklarar.

– Kontrasten er stort til det som no skjer, utdjupar Norsk Industri i eit tillegg til konjunkturrapporten for 2020.

Dei viser til pålegga om opprydding ved til saman 24 verft i Møre og Romsdal, Nordland og Telemark.

– Fatale konsekvensar

Norsk Industri meiner framgangsmåten er ei «kraftig konkurransevriding» mellom dei verfta som får pålegg, og dei som ikkje får det – både i Norge og internasjonalt.

– Belastninga vil kunne bli så stor for det enkelte verft, at det vil kunne få fatale konsekvensar for det som kallast «hjartet» i den norske maritime klynga, heiter det vidare.

Norsk Industri meiner Stortinget bør sjå på ambisjonsnivået for opprydding av sediment på sjøbotnen, og ber om ein grundig revidering av handlingsplanen som arbeidet baserer seg på.

– Stortinget kan umogeleg ha sett rekkevidda av deira eigne ynskje, meiner Høstmark.

Totalt sett når det gjeld skipsverft, er det kring 100 saker som er prioritert for oppfølging.

Les også:



Har brukt ein milliard

Til saman er det nytta over kring 1,1 milliard kroner på dei ulike oppryddingstiltak i forureina grunn og sjøbotn, som er evaluert i ein .

Rapporten som nyleg blei publisert, konkluderer med at det ikkje er nok dokumentasjon for å seie at nivået av miljøgifter er gått ned i fisk, skaldyr eller andre organismar.

Det er likevel godt dokumentert at tilstanden på sjøbotnen er «vesentleg forbetra».

Forfattarane påpeiker at det er krevjande å vurdere samfunnsnytte. Norsk Industri meiner undersøkingane så langt ikkje gir grunn til å seie at tiltaka har vore vellukka.

Miljødirektoratet behandlar klager

Arbeidet med å rydde opp både i grunn og på sjøbotn etter tidlegare forureining, har vore ein årelang strid. Alle 13 verfta har klaga på pålegga, og Miljødirektoratet handsamar no desse.

Verfta godtek ikkje at dei både skal gjere supplerande undersøkingar av sjøbotnen - og lage ein tiltaksplan.

– Verfta har svart at dei vil gjere supplerande undersøkingar, men under føresetnad av at staten betalar 75 prosent av kostnadane, seier fagleiar Christian Dahl ved miljøvernavdelinga til Fylkesmannen i Møre og Romsdal til NETT NO.

Dette er det søkt Miljødirektoratet om støtte til, som no også har denne søknaden til behandling.

Sjefingeniør Hilde Beate Keilen i Miljødirektoratet opplyser til NETT NO at avgjerda dei kjem fram til i klagebehandlinga, vil vere endeleg. Om verfta ikkje godtek denne, kan eit siste trekk vere å ta saka inn for rettssystemet.

Fråskriv ikkje alt ansvar

Fagsjef Sverre Alhaug Høstmark i Norsk Industri understrekar at dei ikkje fråskriv verfta alt ansvar.

– Forureining i grunnen må ryddast opp i, og det same gjeld pågåande utslepp og tilførsel av forureining til sjø. Det skal stansast så langt økonomien og teknologien tilet, meiner han.

Men når det gjeld å rydde opp forureining på sjøbotnen, viser Høstmark til at verfta har nytta dåtidas lovlege middel, og retta seg etter seinare innstrammingar. Han meiner at dei difor vanskeleg kan straffast. Ofte kan det også vere vanskeleg å påvise kven som har stått for forureininga, understrekar han.

Les også:



Belastninga vil kunne bli så stor for det enkelte verft, at det vil kunne få fatale konsekvensar for det som kallast «hjartet» i den norske maritime klynga

Publisert: 25.02.2020 05:55

Sist oppdatert: 08.06.2021 16:27