Fryktar Havyard verft kan gaa over ende
SMITTETRØBBEL: Fleire verftsarbeidarar har den siste tida testa positivt på covid-19. Mellom anna har det vore mykje smitte ved Havyard i Leirvik i Hyllestad i Sogn.
Nytt

Fryktar Havyard-verft kan gå over ende

– Denne situasjonen er dramatisk for oss, seier dagleg leiar ved verftet som no er koronastengt.

06.10.2020
(NPK): Både Havyard i Leirvik i Sogn og Kværner Stord er råka av koronautbrot. Førstnemnde fryktar dei må stengje om krisa blir langvarig
– Denne situasjonen er dramatisk for oss ved Havyard Leirvik. Det er så alvorleg som det kan bli, både for personalet vårt som er utsett for ein smitterisiko, men også for drifta vår. Det får store konsekvensar når vi må stengje ned, seier dagleg leiar Erlend Hatleberg ved Havyard Leirvik til
No er stille på verftet i Leirvik og siste melding frå kommunen måndag var dei i alle fall må halde stengt ut veka.
– Om det blir langvarig, vil vi nok ikkje klare å stå i mot, seier Hatleberg.
Totalt var det måndag kveld 59 smittetilfelle med tilknyting til verftet i Leirvik i Hyllestad. Havyard har testa om lag 500 tilsette totalt.

Vil teste arbeidarar før avreise

Ordførar Kjell Eide i Hyllestad stilte måndag spørsmål ved om ordningane for arbeidsinnvandrarar var forsvarlege. Dei som kjem frå EU og EØS-land blir no testa når dei kjem til Noreg, men dersom dei testar negativt kan dei byrje å jobbe.
Også ved Kværner Stord har korona gjort situasjonen vanskeleg den siste tid. No jobbar dei med ei løysing for å kunne teste utanlandske arbeidarar før dei går på flyet og kjem til Noreg, skriv
I dag blir arbeidarane testa to gonger i Noreg etter at dei kjem hit, ifølgje kommunikasjonssjef Odd Naustdal ved Kværner Stord.
Dei siste vekene har 13 utanlandske leigearbeidarar ved verftet fått påvist covid-19. 240 arbeidarar sit no i karantene.

Leger vil skjerpe testinga

Også på Sunnmøre har ein arbeidarar som kjem frå andre stadar i landet og frå utlandet. Smittevernoverlegane på ytre søre Sunnmøre vil no ha skjerpa oppfølging frå arbeidsgivarane.
– Som kommuneoverlegar med ansvar for kommunane sitt smittevern, får vi fleire meldingar om at reisande som er i reisekarantene ikkje nyttar munnbind under bruk av offentleg transport frå Vigra flyplass til bustad, skriv smittevernoverlegane i ei pressemelding gitt att av
– Vi vil be om at arbeidsgjevarane innskjerpar regelverket og praktiseringa av dette overfor alle sine tilsette som er i reisekarantene. Smitte ved innreise frå utlandet er ei av fleire viktige årsaker til utbrot av covid-19 i industrikommunar. Vi bed om samarbeid slik at denne risikoen kan reduserast mest mogleg, avsluttar dei.
Oppmodinga kjem frå Bjørn Martin Aasen, smittevernoverlege i Herøy, Asta Sileikiene, kommuneoverlege i Sande, Norunn Kirkebø Elde, kommuneoverlege i Ulstein og Karsten Wingen, kommuneoverlege i Hareid.
(©NPK)
Om det blir langvarig, vil vi nok ikkje klare å stå i mot

Publisert: 06.10.2020 18:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03