Frustrert over skipstunnel motstand
KJØDEPOLLEN: Her i Kjødepollen skal innslaget til Stad skipstunnel kome, men i ein ny rapport vert nytteverdien kraftig redusert. - Svartmåling, meiner styringsgruppa for Stad skipstunnel.
Nytt

Frustrert over skipstunnel-motstand

Styringsgruppa for Stad skipstunnel slaktar den siste kvalitetssikringsrapporten. - Svartmåling av prosjektet, fastlår dei.

14.06.2018
I ein kvalitetssikringsrapport som selskapet Atkins Norge har skrive saman med Oslo Economics, vert det fastslått at prosjektet er ulønsamt, og at nytteverdien av skipstunnelen er redusert med over ein milliard kroner sidan regjeringa valde konsept i februar 2015.
Dette får styringsgruppa i Stad skipstunnel til å rase.
- Konsulentane har lagt til grunn eit verst tenkeleg scenario for kostnader og lagt på alle mulege usikkerheitsmarginer, fastslår dei i eit innlegg som er gjengitt under Synspunkt.

26.000 kroner i kostnad per passering

Rapporten kjem etter at Kystverket har utarbeidd forprosjekt for Stad skipstunnel, og det er dette forprosjektet som no har vore gjennom ekstern kvalitetssikring – KS 2.
Forventa nytte av Stad skipstunnel er redusert med over 1 milliard kroner (over 60 prosent) sidan regjeringa valde konsept. Netto nytte er redusert frå -1,4 milliard kroner i KS 1 til -3,1 milliard kroner.
Rapporten estimerer ein kostnad for samfunnet på 26.000 kroner for kvart av dei ti til tolv fartøya som ein forventar passerer skipstunnelen per dag i 40 år.

- Djevelens advokatar

Dagleg leiar Randi Humborstad i Måløy Vekst har forfatta skrivet. Til NETT NO seier ho at konsulentane heilt klart svartmålar prosjektet.
- Dei opererer litt som djevelens advokatar, er veldig pessimistiske, legg på alle mulege usikkerheitsmarginar og utelet viktige positive nytteeffektar av tunnelen.
Ho seier at konsulentane har lagt inn store usikkerheitsmarginar og dermed dreg kostnadene kraftig opp.
- Basiskalkylen er auka med 280 millionar kroner til 2.430 millionar. Auken skuldast i hovudsak diskontering på 6% til 2018-kroner og at det generelt er lagt på 10% på alle enheitskostnadene. Styringsgruppa meiner at auken verken er godt dokumentert eller grunngjeve.

Bruksverdi på 40 år

Skrivet frå styringsgruppa er i utgangspunktet eit svar til kommentator Hans K. Mjelva i Bergens Tidende, som i ein kommmentar omtala prosjektet som .
- Vestlandet har betre ting å bruke pengar på enn ein skipstunnel på Stad, meinte Mjelva.
Styringsgruppa er usamd og viser mellom anna til at i K2-rapporten har ein heilt utelatt nyttverdien for samfunnet generelt og næringslivet spesielt.
Humborstad seier at samfunnsnytten vert ytterlegare forverra når ein i rapporten tilrår å redusere berekningstida frå 75 til 40 år.
- Tunnelen og konstruksjonene har ei levetid på over 100 år, så vi er usamde i at det er lagt 40 år til grunn. Styringsgruppa er uforståande til påstanden om at tunnelen ikkje har nokon bruksverdi etter 40 år, seier ho.
Humborstad fryktar likevel ikkje at motstanden skal stoppe prosjektet.
- Politikarane var kjende med mange av desse momententa då dei vedtok å fullfinansiere Stad skipstunnel i Nasjonal transportplan.
- Dei er dessutan kjende med at dei samfunnsøkonomiske modellane som vert brukte er tilpassa vegprosjekt og ikkje sjøfart eller verdas første skipstunnel.

Sterkt krav

Humborstad viser til at det er mange som strå bak kravet om bygging av skipstunnelen.

-

Eit samla næringsliv på kysten, Norges Fiskarlag, Kystrederiene, Hurtigbåtforbundet, Marine Harvest, Norled, Salmon Group, DSD, Sunnmøre regionråd, Nordfjordrådet, Sogn og Fjordane Næringsråd, Vestlandsrådet og Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane fylkeskommune har alle prioritert Stad skipstunnel og krev at tunnelen blir bygt.
Styringsgruppa for Stad skipstunnel vil no sende inn ei fråsegn vedrørande KS2 til Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet, samt til sentrale stortingspolitikarar.
- Deretter må vi vente på at regjeringa skal komme med sin vurdering av KS2.
- Vi skulle ønske at dei også kunne få Kystverket sin vurdering av KS2, seier Humborstad, som håper på at endeleg investeringsbeslutning i Stortinget vil skje til hausten.
Dei opererer litt som djevelens advokatar, er veldig pessimistiske, legg på alle mulege usikkerheitsmarginar og utelet viktige positive nytteeffektar av tunnelen

Publisert: 14.06.2018 12:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23