Frp blei igjen stemt ned men mange var likevel samde
VILLE HA YSK-SIGNAL I STRATEGIPLAN: Frank Sve (innfelt), Geir Stenseth og dei andre frå Frp fekk ikkje fleirtal for sitt forslag i fylkestinget tysdag. 
Nytt

Frp blei igjen stemt ned - men mange var likevel samde

– Vi har ikkje eit utdanningstilbod for elevane våre som passar Vard og andre store bedrifter, sa Frank Sve  (Frp) under debatten i fylkestinget.

Marius Rosbach
19.06.2020
Tysdag hadde fylkestinget i Møre og Romsdal strategiplanen for vidaregåande skuler til behandling.
Igjen handla mykje av diskusjonen om linjene og tilboda fylkespolitikarane kutta mot slutten av fjoråret. Og igjen fremma Frp eit forslag om å ha ei målsetting at linjer og skuler som blei lagt ned i 2020, blei starta opp att. Stenseth viste konkret til YSK-linjene og Vanylven vidaregåande skule.
– Møre og Romsdal står for 9,5 prosent av eksporten frå Norge, og da må vi ha eit skikkeleg tilbod på vidaregåande skulen, og YSK-linjene står i ei spesiell stilling her i fylket, la Stenseth til.

Viste til maritim industri

Partiet har stort sett vore åleine i vår om å ville reversere skulekutta politikarane gjorde mot slutten av fjoråret i samband med årets budsjett.
Då Frank Sve (Frp) tok ordet viste han til behovet for arbeidskraft i verftsnæringa, og det høge talet på utanlandske arbeidarar i den maritime industrien i fylket.
– Men vi har ikkje eit utdanningstilbod for elevane våre som passar Vard og andre store bedrifter bransjen. Det vil vi gjere noko med, sa Sve.
Han meinte fylkestinget «abdiserte» om dei ikkje kunne meine at Ysk-linjene skulle starte opp at.

Meir frå fylkestinget:



Fekk støtte på innhald

Både Hans Kjetil Knutsen frå Sunnmørslista og Silje Alise Ness frå Raudt ga si støtte til forslaget frå Frp.
Dei fleste andre ga uttrykk for at dei ville stemme nei til forslaget, men fleire støtta likevel innhaldet – og bad om at det blei gjort om til eit sokalla oversendingsframlegg.
– Eg trur dei aller fleste vil starte opp at YSK på søre Sunnmøre og andre linjer, men eg har tru på at administrasjonen tilpassar dette til søknadsmengda, sa Randi Walderhaug Frisvoll.
Ho meinte det viktigaste er å gi eit tilbod slik at mange fullfører utdanninga.

Påpeika uro for lærlingar

Per Vidar Kjølmoen (Ap) sa seg samd med Stenseth om at vidaregåande skule er noko av det viktigaste dei driv med. Han ville likevel ikkje støtte forslaget, fordi han ikkje meinte det høyrde heime i strategiarbeidet.
Han la fram eit tilleggsforslag på vegner av Per Ivar Lied (Sp) og Ap-representantane Siv Katrin Ulla og Jakob Vorren, der dei understreka uro kring talet på lærlingar som står i fare for ikkje å få lærlingplass og fullført utdanninga.
Dei bad om at det blei vurdert å tilsette ein «læreplassjeger» i fylkeskommunen, og at problemstillinga elles blei vurdert nøye i administrasjonen. Dette tillegget ble vedteke.

Høgre sa nei

Monica Molvær (H) meinte strategiplanen viser at det blir gjort mykje bra arbeid i den vidaregåande skulen. Ho minna likevel om at det måtte bli jobba meir med å skaffe fleire lærlingplassar i offentleg sektor.
Molvær sa ho og partifellane ikkje var usamde med innhaldet i forslaga frå Frp og Ap, men var usikre på om det burde takast med i planen – eller om det kunne bli oversendt som eit innspel til administrasjonen.

Framtida digital?

Harry Valderhaug (KrF) viste til at han gjerne såg at slike prioriteringar som Frp sitt forslag innehaldt, starta med ein diskusjon i utdanningsutvalet.
Giske-ordføraren trekte også fram at det kanskje finst andre moglegheiter, enn dei som har vore vurdert til no. Fylkespolitikarane sjølv har vore med på digitaliseringsbølgja som følgje av koronapandemien, og Valderhaug meinte det hadde gitt gode erfaringar.
– Kanskje er framtida til Vanylven vidaregåande skule ei digital løysing, gjerne i samarbeid med andre skula. Slike ting meiner eg det hadde vore greitt å jobbe med i utdanningsutvalet først, sa Valderhaug – som heller ikkje sa seg usamd i sjølve innhaldet i forslaga.
Han la fram eit tilleggsforslag på vegner av Per Ivar Lied (Sp) og Ap-representantane Siv Katrin Ulla og Jakob Vorren, der dei understreka uro kring talet på lærlingar som står i fare for ikkje å få lærlingplass og fullført utdanninga.
Dei bad om at det blei vurdert å tilsette ein «læreplassjeger» i fylkeskommunen, og at problemstillinga elles blei vurdert nøye i administrasjonen.

Les også:




Synspunkt:


og (ekstern lenke)

Publisert: 19.06.2020 11:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58