Frontfiguren
SYNLEG: Alfred Bjørlo er den ordføraren på Nordvestlandet som er mest synleg i media, ein posisjon har brukar til å marknadsføre Stad kommune.  
Nytt

Frontfiguren

I Alfred Bjørlos ordførarperiode har Nordfjordeid - sentrum i gamle Eid kommune - blitt ein stad folk drar til, i staden for å dra forbi. 

29.12.2020
I åra 2013-2018 auka handelen på Nordfjordeid med 30 prosent, og etterpå har det blitt enda fleire større butikkar.
Det kan diskuterast om Nordfjordeid har erobra eller gjenerobra posisjonen som eit handelssentrum for Nordfjord-regionen, men eit sterkare handelssentrum har det uansett blitt.
  • Dette er ein artikkel frå NETT NO-magasinet 2020 () som ein smakebit for ikkje-abonnentar. Del den gjerne med dei du trur har glede og nytte av å lese oss.


Depressiv periode

Bjørlo overtok som ordførar i det han sjølv kallar “ein depressiv periode for Eid”.
Striden rasa om framtida for sjukehuset, det var uvisse om E39 framleis skulle gå gjennom kommunen, kommunen hadde mist arbeidsplassar i slakteri og meieri nokre år tilbake.
Nordfjordeid sentrum var i ferd med å misse sin posisjon som handelssentrum.

Starten på oppturen

Uroa rundt sjukehuset førde til eit elendig val for Arbeidarpartiet, som vart hardt straffa i kommunevalet for sjukehusstriden, sidan partiet sat i regjeringa.
- Det var eit kriseval. Folk var på jakt etter noko nytt, seier Bjørlo.
Striden rundt sjukehuset vekte eit pågangsmot og ei gründerånd, meiner Bjørlo.
- Det var det næringslivet og det politiske miljøet trengte. Sidan har det berre gått oppover, seier han.
Bjørlo understrekar at det som har skjedd på Nordfjordeid er eit resultat av at mange har trekt saman, både i kommunen og i næringslivet. Det er ikkje eit resultat av solospel frå ordføraren, men han er opptatt av å bruke rolla til å løfte fram kommunen, som frå årsskiftet omfattar tidlegare Selje og Eid kommunar.

Profilert ordførar

Medan ordførarane i Stryn, Vågsøy og Ålesund i åra 2011-2019 er omtala eller refererte til under 40 gongar kvar i avisene VG, Dagbladet, Bergens Tidende og Aftenposten er det over 400 treff på Alfred Bjørlo. Han er rett og slett i særklasse den største kjendisen blant ordførarane på Nordvestlandet.
Ein del av forklaringa er uroa rundt leiarvalet i Venstre. Når du er noko så sjeldan som Venstre-ordførar blir du lytta til i eit lite parti - også på riksplan. Men Bjørlo er også aktiv mot media lokalt på ein heilt annan måte enn ordførarkollegaene. Kjendisstatusen gir uansett Bjørlo lettar tilgang til talarstolen i det offentlege romet. Den tilgangen er han opptatt av å bruke.
- Det eg prøver å vere bevisst på er at mi rolle som ordførar er å forme stemninga i eit lokalsamfunn. Bruke tid på å snakke med folk, løfte fram det som skjer, seier han.
Han trur ikkje på krisemaksimering når han går ut i media, tvert i mot.
- Tre av fire (offentlege utspel, red.merk) bør vere av kategorien der du løftar fram det positive, seier han.

Venstre-mann

Bjørlo melde seg inn i Venstre to år etter at partiet blei kasta ut av Stortinget i 1985.
- Eg kan i alle fall ikkje bli skulda for å ha begynt i politikken for å gjere karriere, seier han.
Men karriere har det likevel blitt. Han er utdanna biolog, med tropisk biologi som spesiale, blei politisk rådgivar i 1999 og jobba for partileiar og statsråd Lars Sponheim til 2004.
Deretter hoppa han av politikken, først til kommunikasjonsselskapet Burston & Marsteller i Oslo, så som leiar for Måløy Vekst frå 2007 etter at kona og han tok med seg barna og flytta heim til Nordfjord.
I kommunevalet 2011 gjorde han politisk comeback, og blei ordførar i Eid. Det har han vore sidan, og med samanslåinga av Eid og Selje og deler av Vågsøy også for den nye kommunen, Stad kommune.

Les fleire artiklar frå NETT NO-magasinet:













Det eg prøver å vere bevisst på er at mi rolle som ordførar er å forme stemninga i eit lokalsamfunn. Bruke tid på å snakke med folk, løfte fram det som skjer

Publisert: 29.12.2020 15:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:09