Frislid vil opne butikk nummer to
BUTIKK I EIGEN REGI: Butikken på Nordfjordeid er førebels den einaste Frislid Konfeksjon eig i dag, men det kan ende seg i løpet av året. Biletet er frå Frislid Konfeksjon sitt showroom i Oslo.
Nytt

Frislid vil opne butikk nummer to

I løpet av året kan Frislid Konfeksjon opne sin første butikk i ein av dei større byane.

20.05.2017
Heilt sidan starten i 2007 har Frislid Herreekvipering på Nordfjordeid vore ein god butikk, i alle fall i økonomisk forstand (sjå tabell).
Suksessen har gitt meirsmak og i løpet av året kan butikk nummer to vere eit faktum, sannsynlegvis i Bergen, Stavanger eller Oslo.
Det seier dagleg leiar Rune Taklo i Frislid Konfeksjon, som eig butikken.
Frislid Konfeksjon er ein del av finske Turo Tailor-konsernet.

Manglar fotfeste

Medan herrekleprodusenten Frislid Konfeksjon har godt fotfeste i butikkane i Trondheim, er står det dårlegare til i dei tre andre største byane i Sør-Noreg.
Noko må gjerast, og det er å opne butikk i eigen regi der Frislid Konfeksjon ikkje har innpass i etablerte klesbutikkar.
- Vi kan ikkje sitte stille og sjå på Bergen, som har fem prosent av Noregs befolkning, og så har vi ikkje butikkar der, seier Taklo.

Dress og bunad

Trass namnet er Frislid Herreekvipering ein butikk både for menn og kvinner. Halvparten av driftsinntektene kjem frå sal av dressar, bukser og jakker, resten frå dame- og herrebunadar.
Damebunadane blir sydde på Nordfjordeid, herrebunadane i Baltikum.

Reknar med kroneoppgang

Frislid Konfeksjon får dressar, jakker og bukser sydd i utlandet.
Kursfallet for den norske krona etter at oljeprisen fall i 2014 har mellom anna klesimporten dyrare. Det har også vist seg att i reknskap til Frislid Konfeksjon dei siste åra.

Kronekursfallet var så stort på kort tid at det var uråd for selskapet å auke prisane for å oppretthalde marginane. Taklo anslår at Frislid Konfeksjon så langt ha tatt inn omlag halvparten av margintapet ved å auke prisane.
Men i år trur han høgare oljepris og betring i norsk økonomi vil gjere at krona vil styrke seg igjen, slik at lønsemda vil gå opp.
Vi kan ikkje sitte stille og sjå på Bergen, som har fem prosent av Noregs befolkning, og så har vi ikkje butikkar der

Publisert: 20.05.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:10