Framleis uavklart om vi lukkast eller ei
KOM TIL VERFTET: Bustyrar Bjørn Åge Hamre (til høgre) jobbar framleis mot å få til vidare drift på Kleven. Hamre og HR-direktør Magne Gurskevik (t.v.) møttast med ei «koronahelsing» på verftet måndag. 
Nytt

– Framleis uavklart om vi lukkast eller ei

Dei reelle forhandlingane med interessentar som vil ta over Kleven Verft, har ikkje starta enno – men bustyraren seier det har vore «gode sonderingar».

Marius Rosbach
07.07.2020
Bustyrar Bjørn Åge Hamre for Kleven-konkursen er i full gong med buarbeidet. Måndag kom han til verftet og med to andre medarbeidarar.
Sidan då har det nærast gått i eitt med møter med nøkkelpersonar på verftet, tilsette, Nav, kreditorar – og sjølvsagt kontakt med aktørar som har meldt si interesse for å gå inn som eigarar i verftet.

«Gode sonderingar»

– Det er møter i alle retningar og komplekse forhandlingar med ein rekke partar, seier bustyraren til NETT NO i ei pause mellom møta.
Hamre avslår å kommentere alle spørsmål om kven som har meldt seg, men har stadfesta at det er fleire. Truleg er dei interessert i ulike løysingar og Hamre seier det har vore «gode sonderingar», men at «mykje står att».
– Vi har mange utfordringar igjen, og det er framleis uavklart om vi lukkast eller ei. Det går i rett retning, men i slike saker er ingenting løyst før alt er løyst, fortel Hamre.

Viktig å halde fram prosjekta

Bustyraren er klar på at det er viktig å halde fram med dei pågåande prosjekta, som kan gi inntekter til ei botnskrapt kasse. Hamre fortel at verftet no held hjula i gong. Dei tilsette fekk før helga beskjed om å gå på jobb som vanleg, men prosessen med oppseiingar er i gong.
– I utgangspunktet er alt er pansatt, men det ligg meirverdiar her. Den største verdien er framleis drift. Det er ei av grunnane til at vi vil unngå ei slakteløysing, seier Hamre.
Han vil ikkje gå nærare inn på posisjonen til dei ulike kreditorane. NETT NO har tidlegare omtala at Nordea og Innovasjon Norge sitt i ein nøkkelposisjon med sine pant i eigedom og alt som høyrer til drifta.

Les også:


– Tida er knapp

Bustyraren er framleis like klar på at det hastar med å få på plass ei meir varig løysing.
– Eg tør ikkje anslå noko, men tida er knapp. Sjølv om vi har gode støttespelarar, så er tida heilt klart avgrensa, seier han.
Ved sidan av arbeidet med buet, krevjar også sjølve drifta er verftet sitt frå dei involverte.
– Det er ein stor jobb å handtere den daglege drifta på alle praktisk vis, det gjeld alt frå kontakt med straumleverandørar til dei tillitsvalte, seier Hamre.
Det går i rett retning, men i slike saker er ingenting løyst før alt er løyst

Publisert: 07.07.2020 14:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59