Pressekonferanse foto berit roald ntb npk 11
STRENGT: Helsedirektør Bjørn Guldvog, justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H), helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) og avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet Line Vold,var til stades under pressekonferansen om koronasituasjonen onsdag. Foto: Berit Roald / NTB / NPK
Nytt

Framleis streng grensekontroll til Noreg

Dei strenge innreiserestriksjonane blir forlengde ut februar, men med nokre små endringar. Helseministeren ber folk unngå utanlandsreiser i vinterferien.

Marius Rosbach
10.02.2021

NPK-NTB: Justisminister Monica Mæland (H) understreka at smittesituasjonen i Europa tilseier at vi må avgrense reisene til Noreg, og derfor blir innreiserestriksjonane vidareførte, i første omgang til 28. februar.

– Vi er samtidig i ein situasjon der pandemien har teke ei ny retning med muterte virus som smittar meir og raskare. Det betyr at vi ikkje kan gå tilbake til det regimet vi hadde, sa Mæland på ein pressekonferanse om koronasituasjonen onsdag ettermiddag.

Høie: Ikkje dra til utlandet i vinterferien
Fredag vil regjeringa komme med eigne tilrådingar for vinterferien, men Bent Høie (H) ber folk unngå utanlandsreiser.

– Du bør ikkje dra til utlandet denne vinterferien, seier han.

I år vil det vere i strid med reiserådet frå regjeringa å dra til utlandet i vinterferien. Mange har feriestad i utlandet, men dei kan ikkje dra dit denne vinterferien fordi smitterisikoen er for høg, ifølgje Høie.

– Det kan bli vanskeleg å komme heim, seier helseministeren.

Utanriksdepartementet forlengde tysdag det globale reiserådet sitt til 15. april.

FHI vil ha lette for unge
Folkehelseinstituttet meiner tiltaksbyrda for barn og unge er så stor at dei tilrår å gjere lette for studentar, ungdommar og barn.

– Vi er opptekne av tiltaksbyrda for barn og unge, og vi er opptekne av at tiltaksbyrda for dei likevel blir letta raskt, sa avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet.

Ho viser då til at den generelle tilrådinga er å vidareføre dei strenge tiltaka i ytterlegare to veker i første omgang.

– Dei har hatt stor tiltaksbyrde over tid, og vi er bekymra for konsekvensane. Vi tilrår derfor å lempe på restriksjonane for fysisk nærvær på høgskular og universitet snarleg. Vi tilrår òg å lette på tiltak innanfor sport og fritid for barn og unge, seier Vold.

Næringskritisk personell
Sidan 29. januar har innreise til Noreg berre vore tillate for personar med nødvendige formål. Restriksjonane skulle i første omgang vare fram til torsdag denne veka.

Helsedirektoratet har tilrådd at innreisetiltaka skal forlengjast for å forseinke import av nye virusvariantar og å få på plass nødvendige risikoreduserande system for å avgrense importsmitte.

Det blir no jobba med å få på plass moglegheit for unntak for innreise som gjeld bedrifter med såkalla næringskritisk personell. Denne tryggingsventilen kan vere i bruk frå rundt 20. februar.

Reglane for karantenehotell blir skjerpa
Regjeringa strammar inn praksisen for karantenehotell og vil innføre ei ordning med strengare reglar for utanlandske arbeidarar.

Hovudregelen er at alle som ikkje har ein eigna stad å opphalde seg, skal på karantenehotell. Men utanlandske arbeidarar kan gjennomføre karantenen på ein eigna stad som arbeidsgivar stiller til rådvelde.

Men tilsyn som Arbeidstilsynet har gjort, har vist at det i for mange tilfelle ikkje fungerer i samsvar med reglane, sa justisminister Monica Mæland på pressekonferansen onsdag.

– Derfor jobbar vi no med å innføre ei ordning der innkvartering som arbeidsgivar sørgjer for, må vere førehandsgodkjent før det kan takast i bruk, sa Mæland.

Høie: Noreg kan ta tilbake kvardagen
Jobben som allereie er gjord under pandemien, strenge innreisereglar og at vaksinasjonen er godt i gang, gjer at grunnlaget ligg til rette for å ta kvardagen tilbake, opplyser helseminister Bent Høie.

Det kan Noreg gjere ved hjelp av tre viktige steg, seier Høie.

Det første steget er å slå ned lokale utbrot, noko Nordre Follo viste at var mogleg på tre veker sjølv med ein meir smittsam virusvariant.

Det andre steget er å behalde kontroll gjennom nasjonale tiltak til ein vesentleg del av befolkninga er vaksinerte. Dei vil vere meir omfattande enn på det lågaste nivået i sommar og haust.

Det tredje og siste steget er framleis sterk kontroll med grensene for å redusere risikoen med import av smitte.

Publisert: 10.02.2021 16:07

Sist oppdatert: 14.02.2021 21:30