Framleis store ressursar i alle havomraade
OLJERAPPORT: Ein ny rapport frå Oljedirektoratet konkluderer med at det framleis er store ressursar i norske havområde – og det hastar med leitinga. Her frå Valhall-feltet.
Nytt

Framleis store ressursar i alle havområde

Oljerapport konkluderer med at det hastar med leiting.

Marius Rosbach
27.10.2020
(NPK-NTB – Fredrik Moen Gabrielsen): Det er framleis att store ressursar i alle havområde, og det hastar med leiting over heile sokkelen, konkluderer ein fersk rapport frå Oljedirektoratet.
Særleg hastar det i område der infrastrukturen har avgrensa levetid, slår Oljedirektoratets fast.
– Utan nye funn kan olje- og gassproduksjonen falle raskt etter 2030. Ny leiteteknologi og stordataanalysar kan bidra til at vi finn meir på ein moden sokkel, seier leitedirektør Torgeir Stordal i Oljedirektoratet.
Leiteverksemda på norsk sokkel er lønnsam i alle havområde, og dei siste åra har leiteaktiviteten vore høg. Spesielt er det dei mindre funna som står for ein betydeleg del av produksjonen.

Halvering av leitebrønnar i år

På bakgrunn av nedgang i oljeetterspurnaden og fallande oljeprisar har oljeselskapa redusert leitebudsjetta i år, og mange leitebrønnar har vorte utsette. Oljedirektoratet anslår at det i år blir bora rundt 30 leitebrønnar.
Det er nesten ei halvering samanlikna med i fjor.
Direktoratet estimerer òg at rundt 25 prosent av dei totale ressursane på norsk sokkel enno ikkje er oppdaga. Det er på linje med førre anslag for to år sidan.
I Nordsjøen ligg dei uoppdaga ressursane i område der det allereie er opna for petroleumsverksemd. I Norskehavet ligg 65 prosent av dei uoppdaga ressursane i allereie opna område, medan det same talet er 45 prosent for Barentshavet.
Oljedirektoratet peikar òg på at det ligg mange uoppdaga ressursar i uopna område, for det meste nord i Barentshavet.

Auke i Barentshavet

Nordsjøen er det området med flest betydelege funn, og det som bidreg mest til verdiskapinga. I Norskehavet har gassinntekter spelt ei sentral rolle.
Barentshavet har ei lønnsam leiteverksemd, men ei noko lågare verdiskaping enn dei andre havområda. Lønnsemda her har likevel stige betrakteleg dei siste åra, viser analysar Oljedirektoratet har gjort.
– Eit mangfaldig aktørbilete, god tilgang på areal og meir og betre data har bidrege til mange funn. I område med ledig og kostnadseffektiv infrastruktur kan sjølv små funn skape store verdiar. Låge einingskostnader gjer at også framtidig leiting kan bli lønnsamt, seier leitedirektør Stordal.

Godt posisjonert for omstilling

Eit stadig aukande behov for CO2-lagring i Europa kan medføre nye moglegheiter for verdiskaping på norsk sokkel.
Rapporten konkluderer med at norsk sokkel er godt posisjonert for ei omstilling av energibiletet. Norsk sokkel har store olje- og gassressursar med lågt karbonavtrykk, god lagringskapasitet for CO2, og dessutan moglegheiter for mineralressursar på havbotnen.
Oljedirektoratet har kartlagt område som er eigna for langvarig og sikker CO2-lagring, og eitt vil bli nytta i Langskip-prosjektet til regjeringa.
(©NPK)

Publisert: 27.10.2020 11:55

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:24