Framleis minus fraa kraftproduksjonen
MEIR KRAFT, MINDRE PENGAR: Tussa har auka kraftproduksjonen i år samanlikna med same periode i 2019, men kraftprisen har falle så mykje art kraftproduksjon så langt i år har gitt tap for Tussa. Biletet er frå Standal Kraftverk.
Nytt

Framleis minus frå kraftproduksjonen

Tussa har henta inn litt av det tapte i andre tertial, men ikkje nok til å hindre at kraftproduksjonen hittil i år har gått med underskot.

20.10.2020
Tussa produserer straum i eigne kraftverk på Søre Sunnmøre. I første tertial, som er årets fire første månadar, var resultatet før skatt frå kraftproduksjonen minus 27 millionar kroner av 110 millionar kroner i driftsinntekter.

Etter årets åtte første månader er resultatet før skatt betra for kraftproduksjonen, til minus 16, 3 millionar kroner viser reknskapsrapporten pr. andre tertial.
Det er ei betring, men framleis eit stort underskot. Forklaringa er prisfall på straum. Gjennomsnittleg spotpris i Ørsta i år er 9,3 øre/kWh mot 37,6 øre/kWh så langt i år.

Meir enn halvering

Tussa sikrar deler av produksjonen sin mot store prisendringar. Likevel er prisen selskapet får for krafta i år meir enn halvert samanlikna med 2019, frå 39,5 øre til 15,3 øre/kWh.
Målt etter driftsinntekter var forretningsområda kraftnett og IKT større enn forretningsområdet kraftproduksjon i årets åtte første månadar. Tussa bokførte 175 millionar kroner i driftsinntekter frå eigarskapen i nettselskapet Mørenett og 144 millionar kroner frå forretningsområdet IKT. Resultatet før skatt frå dei to forretningsområda var høvesvis 34 og 22 millionar kroner.

Berga av aksjesal

Totalt sett er det forventa eit betydeleg resultatfall for 2020 samanlikna med 2019 for ordinære driftsaktivitetar, men eingongseffektar av sal av aksjar i Tussa-24 og Moldekraft vil kunne gi eit resultat etter skatt minst på linje med 2019, skriv selskapet i tertialrapporten for 2. tertial.
Tidlegare i år var det strid om utbytteutbetaling frå Tussa. Striden sto mellom administrasjon og styre i Tussa og eigarane, der kommunen på søre Sunnmøre er dei største. Striden enda med at eigarane får utbytte, trass den svake kraftmarknaden i år. Samstundes gav eigarane klarsignal for kapitalutviding.

Publisert: 20.10.2020 16:16

Sist oppdatert: 08.04.2021 17:10