Framleis betydelig vekst for Selstad
SAMARBEID: Selstad-direktør Hans-Petter Selstad (t.v.) saman med dagleg leiar Endre Kvalheim i Koda. Dei skal no samarbeide om å levere kar til smoltanlegg og landbasert oppdrett. 
Nytt

Framleis betydelig vekst for Selstad

Selstad-direktøren styrer mot vidare vekst etter å ha dobla inntektene på fem år. No tilbyr Måløy-selskapet også løysingar for landbasert oppdrett.

Marius Rosbach
12.07.2019
Selstad kunne torsdag melde at dei hadde ein ny avtale på plass med ingeniørselskapet Koda om å distribuere kar til smolt- og landbaserte anlegg.
Avtalen passar godt inn i vekststrategien for Måløy-selskapet som dei siste åra har vekse via fleire oppkjøp og nye samarbeid.

– Betydeleg vekst

Administrerande direktør Hans-Petter Selstad fortel at tala for 2018 ikkje er offentlege enno, men kan avsløre at veksten har halde fram.
– Vi har hatt ein betydeleg vekst på omsetninga og resultatet er omtrent på linje med 2017, seier han til NETT NO.
Det kroner og fekk eit resultat på drygt 20 millionar.
Selstad AS er det viktigaste selskapet i konsernet, som lagar garn, nøter og anna utstyr til fiskeri- og oppdrett i tillegg til å ha ei rekkje servicestasjonar langs kysten.
– Vi har omtrent dobla omsetnaden på fem år og har ein vidare vekststrategi. Vi ser bilde av god vekst også no i 2019, seier Selstad.

Har hatt friarar

Vekst og konsolidering har vore ein gjennomgangstone i utstyrsbransjen, og i fjor vart av investeringsfondet FSN Capital.
Også , men vil behalde familieeigarskapen.
I løpet av fjoråret kjøpte Selstad selskapet Preplast i Elnesvågen, som ga ei styrking mot havbruksnæringa. Nyleg gjekk dei også ut med ein samarbeidsavtale med Mowi om at Selstad vert hovudleverandør av oppdrettsposar til sjømatgiganten.

Les også

:

Analyse

:

Satsar mot landbasert

Avtalen mellom Selstad og Koda gjer at Måløy-selskapet vert forhandlar av både kar, røyr, røyrsystem og tilhøyrande teknologi.
– I fjor haust kjøpte vi oss inn i Preplast og jobbar tett saman med dei om å levere røyrsystem til landbaserte anlegg. Også på Island har vi, via vårt systerselskap, investert i Maris som er ein leverandør av pumpar og tilhøyrande programvare. Kombinert med samarbeidet med Koda gjer dette at vi kan tilby et godt samla tilbod også til landbasert oppdrett, uttalar Selstad i pressemeldinga.
Karene frå Koda er laga i plast – og komposittmateriale som skal gi effektiv montering, enkelt vedlikehald og lang levetid. Selstad meiner metoden dei nyttar til å montere karene, gir ein spesiell fordel fordi den er enkel og kontrollerbar.

Les også:



Vi har hatt ein betydeleg vekst på omsetninga og resultatet er omtrent på linje med 2017

Publisert: 12.07.2019 08:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37