Fraa pluss til minus
RESULTAT: Sterk vekst ved Arctic Filet i Torsken i Troms.
Nytt

Frå pluss til minus

Villa Seafood aukar omsetninga, og har snudd minus til pluss.

25.04.2018
Ålesund-baserte Villa Seafood omsette i fjor for 559 millionar kroner, og fekk eit resultat før skatt på 4,6 millionar kroner.
Dette er ei kraftig forbetring frå 2016, då omsetninga var på 409 millionar kroner, og resultatet før skatt enda på minus 6,3 millionar kroner.
Hovudbakgrunnen for den store omsetninsgauken er at aktviteten ved laksefiletanlegget Arctic Filet i Torsken auka betydeleg i 2017. Det opplyser Villa Seafood i årsrapporten.

Villa Seafood eig anlegget i Torsken saman med Wilsgård Fiskeoppdrett. Villa Seafood står også for den dagliege drifta av anlegget, samt sal og marknadsføring av produkta som kjem ut av anlegget.

Ny toppsjef

Marie Lassesen vart i fjor tilsett dagleg leiar i Villa Seafood, Ho kom då frå stillinga som salssjef i selskapet.
Villa Seafood har kontor i Ålesund, og har åtte tilsette.
I tillegg har Villa Seafood salskontor i Skottland og USA.
Selskapet er 100 prosent eigd av Villa Seafood Group, der eigarane kan fordele eit utbyte på to millionar kroner for 2017.

Publisert: 25.04.2018 14:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21