Fraa Sverige til Danmark paa batteri
ELEKTRISK: Aurora trafikkerer no ruta mellom Helsingborg og Helsingör med hjelp av batteri, og er hittil verdas største batteridrivne skip.
Nytt

Frå Sverige til Danmark på batteri

Dei to Øresund-ferjene Tycho Brahe og Aurora har no fått heileketrisk drift. Ferjene er verdas største batteriferjer - hittil.

15.11.2018
- Prosjektet signaliserer eit generasjonsskifte for den maritime næringa og viser veg mot nullutslepp frå skip.
Det seier Marcus Högblom, leiar for passasjer-, tørrlast- og isgåande fartøy i ABB, i ei pressemelding etter at selskapet har hatt sentrale leveransar til prosjektet.
Dei to ferjene har fått skifta dieselmotorane med store batteripakkar.
Dei to ForSea-ferjene trafikkerer ruta mellom Helsingborg og Helsingör. Her er avstanden berre fire kilometer.
Årleg vert det transportert 7,4 millionar passasjerar og 1,9 millionar bilar på den travle ferjestrekninga mellom Danmark og Sverige.

Verdas største - hittil

ABB opplyser at dei to vel 100 meter lange ferjene no er verdas største batteridrivne skip.
Batteriferja Ampere er på sin side 80 meter lang.
Når Ulstein-bygde Color Hybrid kjem i drift i 2019, skal denne ferja segle 3,2 nautiske mil på batteri inn til og ut frå Sandefjord.
Havila Kystruten sine fire skip får også stor batteripakke, medan Stena Line har planar om at selskapet litt fram i tid skal kunne gå med batteri på heile strekninga mellom Göteborg og Frederikshavn.
Tycho Brahe og Aurora er begge 27 år gamle ferjer. Dei har no fått om bord 4.160 kWh batteri på kvart skip, samt batterhaldarar, kontrollsystem for energilagring og ABB sin Onboard DC Grid kraftdistribusjon.

Automatiske ladestasjonar

I tillegg opplyser ABB i pressemeldinga at selskapet har levert automatiserte landbaserte ladestasjonar der ein industrirobot ved hjelp av 3D-skanning og trådlaus kommunikasjon mellom skip og land syter for rask tilkopling og maksimal ladetid.
- Dette prosjektet vil bli ståande som eit landemerke. Vi er overbeviste om at det vil bli sett på som eit svært viktig bidrag til ein miljørevolusjon innan skipsfart, seier Högblom.
Dette prosjektet vil bli ståande som eit landemerke

Publisert: 15.11.2018 11:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28