Forskarar vil ha meir teknologi og informasjon om havet
HUSTADVIKA: Forskarar håper å utvikle teknologi som gjer det mogleg å få automatiske meldingar om havstraumar og fiskeri. 
Nytt

Forskarar vil ha meir teknologi og informasjon om havet

Forskarar ved Havforskingsinstituttet vil utvikle teknologi som blant anna gjer det mogleg å få automatiske meldingar om havstraumar og fiskeri.

24.01.2020
NPK: Dette er på same måte som vi får vêrmelding.
Dette kjem fram i ein rapport presentert i Davos i går, som er ein av 16 «Blue papers» bestilt av Høgnivåpanelet for berekraftig havøkonomi.
Rapporten viser korleis trendar som blant anna stordata og kunstig intelligens kan brukast til å betre havforvaltninga.
– Ute i atmosfæren har vi så mykje målingar at vi får vêrmeldingar i sanntid. Så langt har det ikkje vore mogleg å få til noko liknande for havet, seier havforskar Mari Myksvoll.
Myksvoll peikar på at utviklinga av teknologi som sender data direkte over internett, går veldig fort. Gjennom NorArgo-prosjektet bidreg blant anna Havforskingsinstituttet i eit globalt nettverk av observasjonsbøylar i havet, som kommuniserer via satellitt, skriv sine heimesider.
– Den nye teknologien gjer at vi får tilgang på veldig mykje data frå havet på ein gong. Spørsmålet er korleis vi kan bruke dei til å sikre ein berekraftig bruk av ressursane i havet, seier Myksvoll.
Eit ekspertpanel med 160 toppforskarar frå 47 land leverer kunnskap og råd til høgnivåpanelet i form av blant anna Blue Papers. Høgnivåpanelet er leia av Erna Solberg, og tel 14 statsoverhovud frå heile verda.

Publisert: 24.01.2020 08:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51