Forskar paa feittsyrer hos nordatlantisk fisk
MØREFORSKING: Forskar Jennifer Mildenberger i Møreforsking Ålesund skal teste kva som skjer når cellene blir behandla med fettsyrene frå makrellolje. 
Nytt

Forskar på feittsyrer hos nordatlantisk fisk

Finst det fordelar i makrellolje som gir sunnare hud. Ålesund-selskapet Epax vil finne svaret.

Marius Rosbach
06.07.2020
Mesteparten av omega 3 konsentrata som finst på marknaden, kjem frå ansjos fiska utanfor Sør-Amerika.
Samtidig inneheldt den Nord-Atlantiske fisken rikeleg med lange, ein-umetta feittsyrer som det ikkje har blitt forska på i like stor grad som omega-3.

Sunnare hud?

Epax i Ålesund vil finne ut om det gir sunnare hud å nytte desse, og er i gong med eit forskingsprosjekt om saka.
– Greier vi å dokumentere positive effektar av olje frå nordatlantiske fiskeartar, vil dette prosjektet bidra til å opne for nye og spennande bruksområde. Prosjektet vil også bidra til auka kompetanse og sikre arbeidsplassar regionalt, seier Iren Stoknes i Epax i ei frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Prosjektet får støtte frå Regionale forskingsfond Møre og Romsdal og Møreforsking Ålesund er med som FoU-samarbeidspart. Arbeidet skal gjerast som ein pilot med frivillige for å studere kva som skjer med huda etter inntak av fiskeolja. Studien skal vere ein forløpar til ein større klinisk studie.

Kjøpt av Pelagia

Inntektene til Epax har svinga stor dei siste åra, men var i 2018 på 311 millionar med eit resultat før skatt på 36 millionar. I 2017 blei selskapet kjøpt av Pelagia og er no eit heileigd dotterselskap i konsernet.
(ekstern lenke)

Publisert: 06.07.2020 11:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59