Forsiktig optimisme paa Vestlandet
OPTIMISME: Fleire bedrifter melder om marginalt auka optimisme. Her frå Ulmatec i Hareid.
Nytt

Forsiktig optimisme på Vestlandet

Næringslivsleiarane på Vestlandet ser litt meir positivt på framtida no enn for fire månader sidan, viser ei ny undersøking.

02.12.2016
(NPK-NTB): Samtidig melder dei om svakare etterspørsel, men betre lønsemd.
Den såkalla Vestlandsindeksen, som Sparebanken Vest lagar i samarbeid med Respons Analyse, viser for andre kvartal på rad marginalt aukande optimisme, men framgangen frå førre kvartal er beskjeden. 700 bedriftsleiarane på Vestlandet er med i undersøkinga.

Fleire sysselsette

Forventningsindeksen som måler utsiktene for det neste halvåret viser at bedriftene ventar noko sterkare sysselsetting og ein svak oppgang i investeringane.
– Eit kjenneteikn ved nedgangstidene på Vestlandet dei siste åra er at svakare oljepris har tvinga fram betydelege kostnadsreduksjonar og eit sterkt behov for effektivisering.
- No kan det sjå ut som om bedriftene får betalt for dette søkjelyset med betra lønnsemd, seier konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest, Ragnhild Janbu Fresvik, i ein kommentar.

Ventar eksportvekst

Over halvparten av bedriftene forventar vekst i etterspørselen i 2017, og det er eksportverksemdene som er mest positive.
Bedriftene har også fått spørsmål om kva dei ville brukt eventuell uventa tilført kapital til, og då svarer 54 prosent at dei ville brukt pengane på investeringar.
No kan det sjå ut som om bedriftene får betalt for dette søkjelyset med betra lønnsemd

Publisert: 02.12.2016 09:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04