Forsiktig optimisme i hotell og uteliv
GLADE FOR OPPMJUKING: Dei siste endringane betyr ikkje mykje for verken hotelldirektør Sven Erik Moe, eller Momentium-sjef Ante Giskeødegård, men begge er glade for at det går i rett retning.
Nytt

Forsiktig optimisme i hotell- og uteliv

Oppmjuking av koronareglar gir håp om lysare tider hos lokale aktørar.

Marius Rosbach
01.10.2020
Onsdag kom regjeringa med godt nytt for delar av utelivsbransjen og reiselivet – og ikkje minst idretten.
Blant, er den nasjonale skjenkestoppen ved midnatt. Regjeringa opnar og for at inntil 600 personar kan vere til stades samtidig på utandørsarrangement, fordelt på grupper på 200 personar.
Det blir nokre unntak i forskrifta om einmeterskrav i nokre arrangement, mellom anna blir det tilstrekkeleg med eitt ledig sete mellom publikummarar på same seterad. Reglane skal gjelde frå 12. oktober.

Betyr «lite eller ingenting»

Momentium-sjef Ante Giskeødegård er involvert i ein rekke selskap som har blitt råka kraftig av koronarestriksjonar. Han meiner dei siste endringane i praksis betyr «lite eller ingenting» for dei.
– Men generelt er det veldig positivt med all oppmjuking, og at det samtidig blir teke omsyn til lokale forhold. Eg trur det blir viktig for å halde motivasjonen i befolkninga oppe, fortel han til NETT NO.
Sesongen for dei fleste utandørsarrangement er over, men Terminalen Byscene er mellom dei som er i gong med konsertar att. Momentium arrangerer til dømes også julekonsert med Didrik Solli-Tangen ved Øygardshallen på Giske, som allereie er utselt.
– Om oppmjukinga held fram, vil det vere bra for oss, legg Giskeødegård til.

Ikkje normalt i konferanse

Hotelldirektør Sven Erik Moe ved Scandic Parken-hotellet i Ålesund meiner skjenking etter midnatt vil ha litt å seie for dei.
– Men for utelivsbransjen generelt vil dette kunne bety meir, seier han til NETT NO.
Ved hotellet er aktiviteten aukande på kurs- og konferansemarknaden, men det er framleis ikkje normal business, ifølgje Moe. Det i hovudsak mindre møter og samlingar som ligg i bookingsystema framover.
Hotelldirektøren påpeiker at det er skilnader mellom kor mykje aktivitet det er i ulike byar – og han meiner Ålesund er mellom dei som har kom ok ut. Han sett uansett pris på all utvikling i «rett retning» med mindre smitte og færre restriksjonar.

– Kloke oppmjukingar

Administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv er positiv til oppmjukingane regjeringa la fram onsdag
– Dette er kloke oppmjukingar som vil ta oss eit skritt vidare mot gjenopning og normal drift, seier Krohn Devold til NTB.
Ho trekk fram opphevinga av den nasjonale skjenkestoppen ved midnatt, og at det blir opna for utandørsarrangement med inntil 600 personar - som også skal vurderast for arrangement innandørs.
– Denne regelendringa er eit skritt på vegen mot å opne kurs- og konferansemarknaden til 600 personar i grupper på 200 igjen. Forhåpentlegvis kan slike arrangement gjennomførast innandørs innan kort tid når erfaringane frå utandørs er gjort, seier ho.

Satsar på juleshow

I Ålesund kryssar hotelldirektør Moe fingrane for at fleire tør å samlast i større lag, og ser fram til julebordsesongen.
Då har hotellet hyra inn lokale «kanonar» som Kjellen Bigset, Ørjan Liavåg og Ina Breivik - og satsar på juleshow med publikum på opptil 200 personar.
– Det skjer med sikkerheit og smittevern i førarsetet, mellom anne ved at vi serverer ved bordene og unngår at det blir dansing, som gjerne fører folk tett saman.

Les også:



Podium:


Hotelldirektøren ved Parken:


Om oppmjukinga held fram, vil det vere bra for oss

Publisert: 01.10.2020 05:55

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:14