Forsikringsselskapa har ulike korona erfaringar
ENDRING I PLANANE: Koronasituasjonen har gjort at mange har måtta endre reiseplanane sine i sommar. Forsikringsselskapa melder om ulik utvikling i interessa for reiseforsikringar.
Nytt

Forsikringsselskapa har ulike korona-erfaringar

Bransjen har hatt jamnt stort påtrykk - og er rause i synet på avbestillingar. 

08.07.2020
(NPK- Kjell Åsmund Sunde): Koronasituasjonen har gjort at mange har måtta endre reiseplanane sine i sommar. Forsikringsselskapa melder om ulik utvikling i interessa for reiseforsikringar.
– Interessa for reiseforsikringar har auka, og salet har hatt ei positiv utvikling, seier kommunikasjonsdirektør Øystein Thoresen i Gjensidige Forsikring til Nynorsk pressekontor (NPK).
Forsikringsselskapet If har i motsetnad til Gjensidige opplevd ein svak nedgang i salet.
– Nysalet av reiseforsikringar har bremsa opp noko – naturleg nok. Men vi opplever ingen kundeflukt, og ser heller ingen store endringar i talet på oppseiingar samanlikna med i fjor, seier kommunikasjonsrådgjevar Andreas Bibow Handeland for If og Europeiske Reiseforsikring til NPK.

Rause med utbetalingane

Handeland fortel at dei gjennom heile pandemien har teke omsyn til reiseråda frå styresmaktene og justert dekninga si deretter.
– Ein viktig del av reiseforsikringa er avbestillingsdekning. Vi har hatt ei raus løysing når det gjeld avbestillingar av reiser til stadar UD rår frå å reise til, uavhengig av framtidig avreisedato, så dei aller fleste har fått stor bruk for reiseforsikringa sjølv om dei har halde seg heime i Noreg, seier kommunikasjonsrådgivaren.

Langt fleire saker

Gjensidige har merka ein kraftig auke i skadesaker i koronatida.
– Vi har over 35.000 skadesaker knytt til covid-19, det er snart like mange som vi behandlar på eit heilt år til vanleg, seier Thoresen i Gjensidige.
– Dette er ikkje berre avbestillingar, men stort sett det, legg han til.

Mange førespurnader

Både Gjensidige og If har merka større pågang frå kundar dei siste månadane.
– Det har vore eit uvanleg trykk. Vi har så langt handtert over 500.000 førespurnader og det er framleis stor pågang, seier Thoresen.
Handeland i If fortel at dei får mange spørsmål frå kundane sine.
– Vi har hatt ein enorm pågang gjennom heile pandemien, og det har fortløpande dukka opp nye spørsmål og utfordringar rundt reiseforsikringa. Mykje går på kva den dekkjer, men mange lurer også på kva dei risikerer ved å trosse reiseråd og dra til land UD rår frå å opphalde seg i. I slike tilfelle gjeld ikkje reiseforsikringa. Det er grunnen til at vi då dekkjer avbestillingar til slike område, seier han.
(©NPK)

Publisert: 08.07.2020 15:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59