Fornya satsing paa Bacalaofabrikken
BACALAO: Det er på nytt full produksjon ved bacalaofabrikken i Barstadvika etter at eigarane har bidrege med ny kapital.
Nytt

Fornya satsing på Bacalaofabrikken

Etter å ha tapt tre millionar kroner siste fire åra, vert det på nytt satsa på Bacalaofabrikken i Barstadvika.

11.07.2019
- Ja, vi meiner sjølve at vi har den aller beste bacalaoen.
- Her er det handlaga bacalao, og hos oss slepp ein å leite lenge for å finne fiskebitane.

Friske midlar

Det seier Jan Endre Vartdal, som saman med broren Sindre Vartdal eig Ørsta-selskapet.
2018 år vart eit nytt svakt år for Bacalaofabrikken. Omsetninga stoppa på 4,3 millionar kroner, og resultatet før skatt enda på minus ein million kroner.
Etter eit godt år i 2014, har selskapet gått med tre millionar kroner i minus sidan 2015.
No var eigenkapitalen tapt, men Jan Endre og Sindre Vartdal har tilført friske midlar.
- Det er snakk om konvertible lån som kan omgjerast til eigenkapital, seier Vartdal.

Nye avtalar

Han opplyser at situasjonen i år er langt lysare enn i fjor.
- Vi har kome inn med fleire kjeder.
- Slik det ser ut til hittil, vil vi gå med pluss i år.
Han opplyser at det no er fem tilsette i selskapet.
- Produksjonen går for fullt.

Fisk frå Averøya

Selskapet har blant anna den gryteklare merkevara Bacalao de Pedro. I tillegg har ein utvikla ferdig utvatna klippfisk for kjøledisken.
Fisken vert i stopr grad kjøpt inn frå Averøya.
- Vi satsar på kvalitet i alle ledd, og reknar med å få att for denne satsinga over tid, seier Vartdal.
Selskapet hadde ved årsskiftet ei langsiktig gjeld på 3,7 millionar kroner.
Hos oss slepp ein å leite lenge for å finne fiskebitane

Publisert: 11.07.2019 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36