Formidabel sesong
GOD SESONG: Marita Lindvik i Visit Nordfjord seier medlemane i reiselivsselskapet for Nordfjord fortel om ein formidabel sesong. 
Nytt

- Formidabel sesong

Fleire gjestar og høgare prisar. Det er fasiten for reiselivet på Nordvestlandet etter utgangen av august. Men oppgangen er ulikt fordelt.

11.09.2017
- Tilbakemeldingane frå aktørane våre er at det er ein formidabel sesong, seier Marita Lindvik, dagleg leiar for reiselivsselskapet Visit Nordfjord.
Ho har god grunn til å vere nøgd.
Overnattingsbedriftene i Sogn og Fjordane - hotell, pensjonat, campingplassar og utleigehytter - auka talet på besøkande med 6,4 prosent i juli samanlikna med juli i fjor, viser overnattingsstatistikken frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) pr. utgangen av juli.

Stagnasjon på landsbasis

Statistikken for landet samla sett viser ein nedgang i talet på besøkande samanlikna med juli 2016. Talet på utanlandske gjestar aukar, talet på nordmenn gjekk ned. Nedgangen på landsbasis er under eitt prosent, medan Møre og Romsdal viser ein auke på 1,4 prosent.

Betre betalt

SSB-tala tyder og på at hotellbedriftene klarer å ta seg betre betalt og utnytte kapasiteten betre, noko som burde tilseie at lønsemda går opp.
Utnyttingsgraden av sengekapasiteten på hotella i Sogn og Fjordane auka frå 72,6 til 76,1 prosent frå juli 2016 til juli 2017. I Møre og Romsdal auka den frå 61,4 til 64,7 prosent.
Samstundes har hotella auka romprisen. Gjennomsnittsprisen for hotella i Sogn og Fjordane var 1119 kroner pr. rom i juli 2017. I juli 2016 var gjennomsnittsprisen 1035.
I Møre og Romsdal auka romprisen frå 907 kroner pr. rom i juli 2016 til 949 kroner pr. rom i juli 2017.

Positiv prisauke

At hotellbransjen har greidd å ta ut høgare prisar er også positivt, meiner Marita Lindvik i Visit Nordfjord.
I turistnæringa er det ein diskusjon om prispolitikken. Kristian B. Jørgensen i Fjord Norway kritiserte i vår næringa for å vere for lite flink til å utnytte potensialet i høgsesongen og til å variere prisnivået. Dette for å spre turisttrafikken ut over ein lengre periode.

- Ein må våge å ta seg betalt, seier Lindvik.

Loen-løft

Lindvik seier reiselivet i Nordfjord har fått eit ekstra løft i år etter opninga av gondolbana i Loen i vår, men at heile Nordfjord-regionen har oppgang.
Neste år ligg det også an til ein god sesong.
I år har det vore 92 cruiseskip-besøk, med 140.000 passasjerar. Dei la til ved cruise-kaia i Olden eller frakta passasjerar i land med båt. Neste år kjem det omlag like mange skip, men til saman 20.000 fleire passasjerar, i følgje Beate Vik Hauge i Visit Nordfjord.
Oldedalen Skysslag, som fraktar folk til Briksdalsbreen, har ein rekordsesong med førebels siste tur bestilt til 2. november i år, og har bestillingar på meir trafikk neste år.
- Signala for 2018 ser ut til å overgå 2017, seier Vik Hauge.
Signala for 2018 ser ut til å overgå 2017

Publisert: 11.09.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13