Forlik om maskinpark
FORLIK: Forlik om maskinparken gjorde det råd for Aurstadkonsernet og starte ny drift. Bustyrar Håvard Wiker (t.h.) og administrerande direktør Jo Stian Tverberg fekk forliket på plass 22. desember i  fjor.
Nytt

Forlik om maskinpark

Etter eit forlik fekk konkursboet i K A Aurstad tilbake ei rekkje maskiner som blei seld til eit anna selskapet i Aurstad-konsernet før konkursen.

18.08.2020
4. oktober i fjor, to månadar før konkursen, selde K A Aurstad ei rekkje maskiner og utstyr til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige. Prisen var 20 millionar kroner og kjøpet vart finansiert av Sparebank1 Søre Sunnmøre.
Den transaksjonen ville bustyret ikkje godkjenne, går det fram av innberetninga til skiftesamlinga i K A Aurstad i dag.
Usemja mellom bustyret og Aurstad Maskinutleige enda med eit forlik 22. desember 2018. I forliket vart verdien av maskinene sett til 40 millionar kroner, og Aurstad Maskinutleige fekk behalde maskiner for 9,5 millionar kroner.

Ikkje rettsvern

Pengane frå kjøpet ble brukt til å betale løn til dei tilsette, i følgje innberetninga.
Buet varsla like etter konkursopning at det meinte Aurstad Maskinutleige ikkje hadde oppnådd rettsvern for kjøpet av maskiner og utstyr og at dei difor var ein dela av verdiane som tilhøyrde buet.
Det utløyste omfattande diskusjonar og forhandlingar, som og handla om transaksjonen blei gjort til marknadspris.

25 prosent

Usemja blei løyst ved eit forlik 22. desember, som altså innber at Aurstad Maskinutleige får behalde omlag ein fjerdepart av dei omstridde maskinene og utstyret. I følgje selskapet er det nok til å drive vidare med den oppdragsmengda selskapet har i dag.
Forliket inneber også at ei anna Aurstadselskap som ikkje er omfatta av konkursen, Aurstad Tunnel, skal tilsette fleire av dei som tidlegare var tilsett i K A Aurstad. Det vil redusere kravet om løn og feriepengar frå boet.

Forliket gir også Aurstad Tunnel rett til å forhandle om å sluttføre to mindre enterprenøroppdrag i Ørsta.

Publisert: 18.08.2020 12:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30