Forenklar jobben for fiskarane
MINIEGNAR: Salsmedarbeidar Aleksander Slinning fekk stor merksemd for Fiskevegn sin miniegnar under fiskerimessa i Trondheim.
Nytt

Forenklar jobben for fiskarane

To av nyheitene som blei lanserte på fiskerimessa i Trondheim har til føremål å gjere arbeidsdagen enklare for småfiskarane.

Administrator
23.08.2016
- Denne egnemaskina kan du ta under armen og bere på land etter at sjøværet er avslutta, forklarar salsmedarbeidar Aleksander Slinning om den ikkje meir enn 20 kilo tunge nyskapningen frå Flatraket-bedrifta.
Den nyutvikla minimaskina for lineegning hadde fått ei framskoten plassering på fiskevegnprodusenten sin stand og fekk mykje merksemd av fiskarar i den aktuelle brukargruppa.

Overkomeleg pris

Slinning fortel at minimaskina vil vere marknadsklar så snart den siste testkøyringa er unnagjort.
- Blir det ei overkomeleg investering for småfiskarane?
- Ja, det er planen, seier Slinning, og viser til at leige av folk til manuell egning er ein stor kostnad for sjarkflåten som fiskar med line.
- Virkar den slik det blir sagt, så kjøper eg den, kommenterte ein sjarkfiskar som fekk forklart den nye egnemaskina sine eigenskapar

6000 krok

Miniegnaren er utvikla med tanke på båtar mellom 25 og 45 fot og har ein kapasitet på 6000 krok. Ideell settehastigheit er to knop.
Denne båtgruppa nyttar i dag hovudsakleg handegning, eller egnetrakt som det finst ulike typar av.

Siktar nordover

-Men no har vi utvikla eit godt alternativ, seier Slinning som vedgår at dei har hatt blikket retta nordover under utviklinga av det nye produktet.
Fiske med småline er særleg utbreidd i Nord-Norge, men også på Island og Grønland blir det drive handegning i stor skala av linebruk som denne miniegnaren er utvikla for.
Slinning fortel at han også ser eit betydeleg marknadspotensiale for maskina i USA, der det særleg i Gulf of Alaska blir drive eit omfattande kystfiske.

Elektrisk onglevinsj

Det er særleg to grunnar til at herøyværingen Inge-Svenn Nærø forventar eit oppsving i salet av Westmarin sin onglevinsj. For det første lanserer han no ein heilt ny variant der hydraulikken er erstatta med elektrisk drift. Grunn nummer to er at onglevinsjen er teken inn i Selstad-konsernet sitt produktspekter og vil nyte godt at Selstad sitt salsapparat.

Selstad hadde tru

- Hans Petter Selstad hadde tru på det vi heldt på med og kjøpte oss opp, forklarar Nærø om bakgrunnen for at han på fiskerimessa hadde teke oppstilling på Måløy-konsernet sin stand.
Etter oppkjøp og omdanning til AS, sit grunderen sjølv igjen med berre ein mindre eigarandel i selskapet han etablerte for 15 år sidan. På desse åra er Westmarin sin onglevinsj seld i eit antal på 7-800.
Heretter er det Selstad som skal ta hand om alt med sal og marknadsføring av onglevinsjen, medan Nærø skal arbeide vidare med produktvikling.

Prisa som juksamaskin

Ifølgje Nærø er den elektriske utgåva ei forbetring som opnar for alvorleg mange nye brukarar. Årsaka til det er ikkje minst prisen, som vil ligge rundt juksamaskinpris. Prisen på den tradisjonelle utgåva kan til samanlining kome opp i 40-50.000 kroner medrekna hydraulikken som må kome i tillegg.
- Responsen så langt har vore at dette er noko folk vil ha, seier ein optimistisk Inge-Svenn Nærø.
Onglevinsjen blir produsert på Hellesylt av komponentar som i hovudsak blir henta frå Japan og Tyskland.
Virkar den slik det blir sagt, så kjøper eg den

Publisert: 23.08.2016 13:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59