Fora Form mot rekordaar
OPPTUR: Salsdirektør Frode Sporsheim (t.v.) og administrerande direktør Ivar Sandnes i Fora Form hadde 16 prosent vekst i driftsinntektene i fjor, og ligg an til nesten like mykje i år. 
Nytt

Fora Form mot rekordår

Fora Form gir drahjelp til Lammhults Design Group.

17.07.2017
Møbelprodusenten i Ørsta har ein vekst på 12-15 prosent i første halvår, i følgje salsdirektør Frode Sporsheim.
Held veksten seg på det nivået vil Fora Form i løpet av 2017 passere sin førre rekord i driftsinntekter, 166 millionar kroner i 2014.
Svenske Lammhults Design Group, som kjøpte Fora Form i 2013, melder om auke i driftsinntektene frå forretningsområdet "Office and home interiors", på over 20 prosent i første halvår. Fora Form er eitt av sju varemerke i dette forretningsområdet.
Driftsinntektene for Fora Form fall frå 166 til 137 millionar kroner frå 2014 til 2015, men i fjor tok Fora Form attende nesten alt det tapte.

Meir til kino

Fora Form lagar møblar til offentlege miljø, frå stolar og bord til møterrom til leverandør av sitteplassar på flyplassen på Gardermoen.
I år er det ein generell vekst, og spesielt innan leveransar til kinosalar.

God utvikling

- Vi ser ein generell god utvikling i marknadane, seier Lammhultssjef Fredrik Asplund.

Publisert: 17.07.2017 14:15

Sist oppdatert: 17.09.2021 10:41