Folk maa faa vite kva dei luktar og smakar
OLJEKVALITET: Forskar Wenche Emblem Larssen (t. v.) i Møreforsking leier det felles bransjeprosjektet rundt utvikling av norsk gullstandard for Omega 3. Prosjektleiar Wenche Uksnøy i Blue Legasea har md seg åtte bedrifter inn i prosjektet.
Nytt

- Folk må få vite kva dei luktar og smakar

Det er stort behov for betre dokumentasjon rundt Omega 3-produkt og marine ingrediensar, fastslår prosjektleiar Wenche Uksnøy i Blue Legasea.

20.04.2017
- Her er det snakk om marine oljar, og for mange er det ein barriære både lukt- og smaksmessig å innta produkt av fiskeolje, spesielt dersom ein opplever at produktet smakar harskt, seier Uksnøy.
Ho meiner betre dokumentasjon garantert vil hjelpe.
- Kundane må få vite kva dei luktar og smakar. Det er eit stort behov for betre dokumentasjon på dette feltet. Konsumentane krev det, og industrien opplever stadig aukande krav til sporing og produktdokumentasjon, seier Uksnøy.

Klynga står samla

I dag vart det Møreforsk-styrte prosjektet rundt utvikling av ein norsk bransjestandard for marine oljar sparka i gang i Ålesund.
Les her:
Blue Legasea er tungt inne i prosjektet gjennom åtte medlemsbedrifter.
- Dette er eit svært viktig prosjekt for oss. Dette står vi samla om, seier Uksnøy

Sterkare konkurranse

Næringa får no stadig sterkare konkurranse frå aktørar i land som Kina, Peru og Chile.
- Ulvane er der ute, dei er ikkje blant oss sjølve. Difor er det så bra at heile den norske næringa står samla rundt dette prosjektet.
- Her byggjer vi felles norsk konkurransekraft, sjølv om den enkelte bedrifta er konkurrentar.

Treng betre dokumentasjon

Uksnøy er opptatt av å oppretthalde konkurransefortinnet som norske Omega 3-produsentar hittil har hatt.
- Vi har god dokumentasjon på mange område, men ikkje når det gjeld lukt og smak.
- Vi håper no å utvikle ein norsk gullstandard som dei norske bedriftene kan bruke i sal- og marknadsføring.

Gamle assosiasjonar

Sjølv meiner ho at Omega 3-produkta smakar godt.
- Ja, men eg trur at mange har assosiasjonar frå gamle dagars tran, og at dette gir utslag på smaksopplevinga.
- Uansett vil det vere viktig å få på plass differensieringsverktøy basert på sensorisk analyse for Omega 3-industrien. Dette vil styrke heile den norske næringa fram i tid.
Ulvane er der ute, dei er ikkje blant oss sjølve

Publisert: 20.04.2017 15:30

Sist oppdatert: 05.09.2023 18:15