Flyttar vinproduksjon til Bondalen
GOD HISTORIE: Ein vin laga i Bondalen og delvis også på druer frå Bondalen var ei historie som freista hotelldirektør Sigmund Vika (t.v.) då Sveinung Årseth frå Pennesi Vin ringte og spurte om han ville vere kunde.
Nytt

Flyttar vinproduksjon til Bondalen

Halvparten av druene skal dyrkast i Bondalen.

26.06.2020
I fjor tok utflytta bondaling Sveinung Årseth med seg kamerat og forretningspartnar Luca Pennesi og familien hans heim til Hjørundfjorden. Pennesi blei så begeistra av det han såg at no blir det vinproduksjon og vindruedyrking i Bondalen.
Pennesi og familien er allereie i ferd med å sjå seg om etter ein bustad i dalen, vinproduksjonen dei i dag har i Moss skal flyttast til Bondalen og neste år er målet å lage den første vinen iblanda druer dyrka i Bondalen.
- La oss sjå om vi kan lage ein heilt fabelaktig vin i Hjørundfjorden. Kor kult hadde ikkje det vore, seier Årseth.

Eigen smak

Pennesi er fjerde generasjon i ein italiensk vindyrkarfamilie, og starta vinproduksjon sjølv etter at han og familien flytta til Noreg. Det starta som ein hobby, men er no forretning på fulltid.
I dag driv han, Sveinung Årseth og Håvard Andreassen Pennesi Vin, som importerer druer i kjølebilar frå Pennesi-familien sin vingard i Italia til presseriet Moss, der vinproduksjonen foregår. Kundane er hotell- og restaurantar med Sagafjord Hotell som den førebels nyaste kunden i rekka.
Smaken blir ein annan frå den norskproduserte vinen enn den italienskproduserte, sjølv om druer og framgangsmåte er lik, seier Årseth. Med vindruer dyrka i Bondalen i tillegg ventar han ei ytterlegare særpreg.

Klar neste år

Planen er å sette vinrankane i jorda på eit gardsbruk i Bondalen om kort tid. Årseth vil ikkje ut med kven som blir vinbonde, men seier at gardbrukaren blir medeigar i vinproduksjonen og den fjerde som skal arbeide i selskapet.
I første omgang er det snakk om planting på ein 10 mål stort området. Dei skal plante nesten utvaksne vinrankar, som kan bere druer alt neste år. Det første feltet blir eit prøvefelt, med 20 ulike sortar, frå reine syd-europeiske druer til druer som tradsjonelt er dyrka lenger nord. Til neste sommar vil dei ha lært mykje om kva druer som eignar seg best.
Innan fem år ventar Årseth at druer frå Bondalen vil utgjere omlag 50 prosent av råvarene til vinproduksjonen.

Lyse netter

Varme somrar og sol er ein fordel for vinprodusentar, men kjølege somrar blir delvis kompensert av lyse netter, seier Årseth.
Han seier vinproduksjon kryp stadig lenger nordover og meiner nøkkelen til å lukkast med vindruedyrking i Noreg handlar meir om kompetanse enn klima.
Satsinga i Bondalen baserer seg blant anna på forsøk gjort av Norges miljø- og biovitenskaplege universitet, og analyser av jordprøver og analyser av temperatur og lystilhøve i Bondalen.

Publisert: 26.06.2020 16:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59