Flyttar inn i same bygg som Havila
OFFSHORE: Både Havila Shipping og nystarta In Nor Vest har no base i Diamanten på Mjølstadneset.
Nytt

Flyttar inn i same bygg som Havila

Åge Remøy og hans nye offshoreselskap har flytta inn i Diamanten på Mjølstadneset. I same bygget er Havila Shipping.

25.10.2016
- Dette er heilt tilfeldig. Vi har leigd lokale hos Havyard, som held til i etasjen under Havila Shipping, seier Åge Remøy.
Remøy måtte flytte ut av Rem Offshore-kontora i Fosnavåg etter at Rem vart ein del av Solstad, og Åge Remøy sjølv starta reiarlaget In Nor Vest saman med islendingen Thorsteinn Mar Baldvinsson og svensk-sveitsiske Magnus Roth.
Trioen har lagt 500 millionar friske millionar kroner på bordet for å byggje opp eit nytt offshoreselskap med base i Fosnavåg.

Vil vekse

Åge Remøy seier at selskapet har leigd ein fjerdedels etasje i Diamanten.
- Vi har leigd med Havyard, ettersom dei ikkje lenger hadde behov for heile arealet.
Han seier at lokala er godt tenlege.
- Vi planlegg for vekst, og vi ser på desse lokala som godt eigna for vårt formål.

Avviser Havila-kopling

Remøy avviser derimot at lokaliseringa inneber planar om eit tettare samarbeid med Havila Shipping.
- Nei, plasseringa har ingen ting med noko slikt å gjere.
- Vi hadde behov for kontor, og fann beste kontora her. Så enkelt er det.
Vi hadde behov for kontor, og fann beste kontora her

Publisert: 25.10.2016 21:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:02