Flyttar festspel til nettet
NETTFESTSPEL: I år blir det ein digital versjon av Dei nynorske festspela. 
Nytt

Flyttar festspel til nettet

I mai, juni og juli 2020 gjennomfører Nynorsk kultursentrum digitale festspel.

30.03.2020
NPK: Sidan Dei nynorske festspela i Aasentunet er avlyst i år er det i staden planar om eit digitalt tilbod utover våren og sommaren.
‒ Mange av utøvarane som skulle til Ørsta og Volda lagar i staden digitale samtalar og opplevingar som vi publiserer på nynorsk.no, seier programansvarleg Olav Ø. Opsvik i ei pressemelding. Dette vert lansert undervegs på sosiale medium for Festspela og Aasen-tunet og på nynorsk.no.
Nynorsk kultursentrum planlegg arrangement seinare.
‒ Dato og program kjem vi tilbake til, men festspeldiktarane Odd Nordstoga og Stein Versto kjem til bygdene våre når det er trygt å vere på kulturarrangement igjen, seier programansvarleg Olav Ø. Opsvik.
Alle som har bestilt billettar eller pass får tilbod om til-gode-lapp til nye arrangement i regi av Nynorsk kultursentrum eller pengane tilbake.
Nynorsk kultursentrum avlyser arrangement denne våren. Museet planlegg å opne for sommarsesongen 20. juni.
‒ Vi er klare til å opne museet og skape gode opplevingar i Ivar Aasen-tunet, Vinjestoga og Hauge- senteret når verda er meir tilbake i vanleg gjenge, avsluttar Sandsmark.
Helga 28.‒30. august arrangerer Nynorsk kultursentrum etter planen Litteraturdagane i Vinje. To helger etterpå, 11.‒13. september, går Ulvik poesifestival av stabelen. Det vert avgjort før fellesferien om desse to arrangementa vert gjennomførte.

Publisert: 30.03.2020 15:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55