Fleirtalet rauk men Torve vil ikkje forhandle
TRUR PÅ FLEIRTAL: Tove Lise Torve (Ap) trur på fleirtal i fylkestinget, noko som vil sikre henne vervet som fylkesvaraordførar, medan Per Vidar Kjølmoen ligg an til å bli fylkesvaraordførar.  
Nytt

Fleirtalet rauk - men Torve vil ikkje forhandle

Nytt drama om makta i fylkestinget etter at SV kapra eit mandat frå Pensjonistpartiet. Ap, Frp og småpartia er likevel ikkje sikra fleirtal.

Marius Rosbach
11.09.2019
Planen til Ap, Frp og dei fem småpartia – Pensjonistpartiet inkludert – om å, er svekka etter fintelling av stemmene.
Det viser seg at SV får eitt mandat ekstra, medan Pensjonistpartiet mister sin representant. Det betyr at Tove Lise Torve har støtte frå 23 representantar – ein mindre enn det som trengst for eit klart fleirtal.
Ap-toppen vil likevel ikkje vurdere nye forhandlingar slik situasjonen er no.
– Vi har ein signert avtale om valteknisk konstituering som vi la fram på ei pressekonferanse i går. Vi står fast ved den, og meiner det er grunn til å tru at den vil få flest stemmer. Vi har ikkje noko planar om å bryte den avtalen, seier Torve til NETT NO onsdag morgen.

Vil ha nye forhandlingar

SVs Yvonne Wold har uttalt at dei ikkje vil bidra til at Frp kjem i posisjon, og ber difor Ap og Sp kome tilbake til forhandlingsbordet, skriv Sunnmørsposten.
– Eg meiner vi kan få til ein langt betre miljø- og klimapolitikk, og fordelingspolitikk i fylket, om vi sett oss saman på nytt, seier ho til avisa.
Sps Kristin Sørheim opplyser til Sunnmørsposten at dei vil vurdere nye forhandlingar – om Tove Lise Torve ber om det.

Les også:



– Bekymra for fylkesøkonomien

Spørsmålet blir då om SV og Rødt - som ikkje er med å nokre av konstellasjonane som har vore på banen - vil stemme blankt i fylkestinget, eller aktivt støtte ein av partane.
Det vil Yvonne Wold ikkje svar på onsdag morgon, men påpeiker at partiet har lova veljarane sine å ikkje samarbeide med Frp eller Høgre.
– Vi håpar at vi kan bruke posisjonen vi har fått til å klare å lokke dei tilbake forhandlingsbordet. Vi er bekymra for fylkesøkonomien og korleis den nye posisjonen vil ta ansvar for den situasjonen i samarbeid med tre lister frå mindre geografiske område. Kven skal då ta ansvar for fordeling, klima og miljøpolitikk, seier Wold til NETT NO.
SV og Rødt har hatt samtaler om å sikre seg posisjonar, til dømes i fylkesutvalet, der SV til no ikkje har vore representert.

Dramatisk tysdag

Kristin Sørheim og Senterpartiet forhandla fram , og trudde tidleg tysdag det skulle vere nok til å sikre makta. Men Høgre-sentrums-alternativet hadde berre støtte frå 20 representantar, og dermed kasta Ap og Frp seg rundt.
I løpet av få timar blei resultatet at Tove Lise Torve (Ap) sikra seg støtte frå det som var eit fleirtal – til i går kveld.
No utgjer denne koalisjonen Ap (9 rep.), Frp (8. rep.), Nordmørslista (2 rep.), Miljøpartiet De Grønne (2 rep.), Uavhengig valliste for Sunnmøre (1 rep.) og Sunnmørslista Tverrpolitisk liste for Sunnmøre (1. rep.).

NHO-direktøren:


(ekstern lenke)

Publisert: 11.09.2019 09:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39