Fleire vil auke arbeidsstokken
AUKAR: Ny kontraktar får Ulstein Verft til å hente inn fleire permitterte. Talet på bedrifter som vil auke arbeidsstokken er tilbake på nivået før oljeprisfallet.
Nytt

Fleire vil auke arbeidsstokken

22 prosent av bedriftene i Møre og Romsdal vil auke arbeidsstokken i år. Det er like mange som før oljeprisfallet.

24.05.2017
NAV si årlege temperaturmåling av stemninga i næringslivet viser at optimismen er på veg tilbake i næringslivet i Møre og Romdal, og stemingskiftet er størst på Nordmøre.
22 prosent av bedriftene har planar om å tilsette fleire folk i år. Det er omlag som i åra 2012-2014, før oljeprisen fall.
Klikk på lenge i slutten av artikkelen for å lese heile undersøkjinga
Samstundes er det færre som planlegg nedskjæringar. Nettoauken - bedrifter som skal oppbemanne minus dei som nedbemannar - er på 11 prosent.
I fjor var nettoauken fire prosent, i 2015 berre to prosent.

Arbeidsløyse på retur

Fylkesdirektør Stein A. Veland i NAV Møre og Romsdal meiner undersøkjinga stadfestar ei positiv utvikling.
- Dette er teikn på at arbeidsløysa er i ferd med å snu, noko som også har blitt ytterlegare stadfesta gjennom redusert arbeidsløyse gjennom dei første månadene i 2017, seier Veland i ei pressemelding

Nesten 750 bedrifter, tilsvarande 64 prosent av dei spurde, har svart på bedriftsundersøkjinga i Møre og Romsdal i februar og mars i år.

Tyngre å rekruttere

Frå og med 2013 har bedriftene meldt om at det har blitt lettare å rekruttere folk til ledige stillingar. Den trenden er broten i årets bedriftsundersøkjing.
I 2013 var det 22 prosent om bedriftene som melde om mislukka rekrutteringsforsøk. I 2016 var andelen ned i 10 prosent, medan 13 prosent melder om mislukka rekrutteringsforsøk i 2017.

Minst optimistisk i Sogn og Fjordane

Møre og Romsdal ligg litt etter landsgjennomsnittet i viljen til å tilsette fleire folk.
På landsbasis er det netto 14 prosent av bedriftene som vil auke bemanninga, i Møre og Romsdal 11 prosent.
Neders på lista står Sogn og Fjordane, der nettoauken er fem prosent.

Publisert: 24.05.2017 13:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:10