Fleire vel private grunnskular
PRIVAT: Møre og Romsdal har 19 private grunnskular, blant anna Møre barne og ungdomsskule.
Nytt

Fleire vel private grunnskular

1128 elevar i Møre og Romsdal gjekk på private grunnskular i 2019.

14.01.2020
NETT NO - NPK: I 2019 gjekk 27.027 elevar på private grunnskular. Sidan 2009 har talet auka kvart år.
I Møre og Romsdal var det 1.128 elevar som gjekk på private grunnskular i fjor, viser ny statistikk frå .
Totalt var det 32.218 elevar i grunnskulen i Møre og Romsdal i 2019.
Totalt har fylket 19 private grunnskular.
Trøndelag hadde 27 private grunnskular i fjor og er fylket med flest. Rett etter kjem Rogaland med 26, og Hordaland med 25.
Færrast private grunnskular er det i Finnmark og Sogn og Fjordane med høvesvis 3 og 4 private grunnskular. På Svalbard er det ingen,
Totalt var det i fjor 120 elevar i Sogn og Fjordane som gjekk på private grunnskular.
Sidan 2009 har talet på elvar på private grunnskular auka med 62 prosent, det var då 15.928 elevar på skulane.
Ifølgje er erstattar ikkje dei private skulane offentlege skular, men er eit nytt tilbod til elevane. Det er berre i 12 prosent av tilfella at private skular oppstår for å erstatte ein nedlagd offentleg skule.
Frå 2009 er det starta opp 100 nye private skular, og i 2019 var det til saman 261 private grunnskular i Noreg.

Publisert: 14.01.2020 11:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50