Fleire tipsar om skattefusk
MELDING PÅ NETT: Skatteetaten opplever ein auke i talet på tips etter at dei laga ei ny elektronisk tipsløysing. 
Nytt

Fleire tipsar om skattefusk

Tipsa strøymer inn til Skatteetaten etter at dei innførte ei ny og enklare løysing for å varsle om svart arbeid, ulovleg utleige og anna skattefusk.

21.02.2020
NPK-NTB-Marius Helge Larsen: Den på Skatteetatens nettside vart innført i byrjinga av desember. Allereie den første månaden kom det inn 346 tips, noko som er ein auke på 23 prosent frå året før. I januar gjorde tipsmengda ytterlegare eit byks med 526 tips – ein auke på 58 prosent samanlikna med same periode i fjor.
– Det har vore ein betydeleg oppgang etter at vi lanserte løysinga. Vi tar det som ein indikasjon på at han er enkel å bruke, og at folk ønsker å bidra til at alle skal betale riktig skatt og avgift, seier divisjonsdirektør Eve Vangsnes Bergli i Skatteetaten til NTB.
Dei siste åra har det komme inn mellom 3.700–4.500 tips årleg.

Stor breidde

Tipsa dreier seg både om store og små saker, og det blir varsla både om privatpersonar, næringsdrivande og bedrifter.
– Det er ei stor breidde. Tipsa kan vere knytte til registrering og rapportering, til dømes ved utleige av eigedom, skjult inntekt og formue i utlandet, eller det kan dreie seg om arbeidslivskriminalitet. Nokon gonger er tipsa starten av ei sak, men oftast supplerer dei saker vi jobbar med eller område vi ser nærare på, seier Bergli.
Tipsa omfattar alt frå enkel informasjon til omfattande forklaringar. Med den nye ordninga vart det òg oppretta eit nasjonalt tipsmottak som går gjennom informasjonen som kjem inn.
– Alt kan vere relevant, fastslår divisjonsdirektøren.
Ho forsikrar at Skatteetaten har teieplikt, og at alle tips som ikkje er verifiserte, blir sletta etter fire månader.
– Det er mogleg å tipse anonymt, men vi ønsker eigentleg at folk gir opp kontaktinfo. Det er fordi tipsaren ofte har meir informasjon å bidra med når vi tar kontakt, seier Bergli.

– Held oppe tilliten

I tida framover er håpet at tipsmengda vil halde fram med å auke.
– Oppgåva vår er å fastsetje riktig skatt og avgift. Vi opplever at dei aller fleste ønsker å bidra til at også andre betaler det dei skal. Dette er viktig for å halde oppe tilliten til skattesystemet. På den måten får òg bedrifter like konkurransevilkår.
Og når tipsa strøymer inn til Skatteetaten, endar staten opp med meir pengar i kassen.
– Heilt overordna erfarer vi at ei rekke av tipsa er relevante. Dei gjev meir informasjon til saker vi allereie etterforskar og gir annan informasjon som har tyding for oss. I den samanhengen vil det jo påverke den totale skatteinngangen, seier Bergli.

Publisert: 21.02.2020 08:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53