Fleire kandidatar til aa overta Rolls Royce Marine
KVEN TEK OVER? Rolls-Royce Marine er ein av dei største private arbeidsgivarane på Nordvestlandet. 
Nytt

Fleire kandidatar til å overta Rolls-Royce Marine

Rolls-Royce sine planar om å selje ut store delar av marinedivisjonen utløyser spekulasjonar om kven som vil kjøpe. Her er fire kandidatar.

18.01.2018
ANALYSEAksjekursen i Rolls-Royce spratt oppover straks det britiske konsernet i går sende ut børsmelding om at det vurderer å selje ut store deler av marinedivisjonen. I løpet av 40 minutt steig kursen over seks prosent. Meldinga betyr at det som er av Rolls-Royce-aktivitet på Sunnmøre kan kome på nye hender. Rolls-Royce Marine har 1600 tilsette i Noreg, dei fleste heimehøyrande på Nordvestlandet.Dei siste åra har marinedivisjonen vore dårleg butikk for Rolls-Royce. I dei tre åra 2014-2016 er det samla resultatet før skatt i Rolls-Royce Marine as (det norske datterselskapet i marinedivisjonen) eit underskot på 3,3 milliardar kroner. Frå 2013 til 2016 er driftsinntektene nesten halvert, til 5,6 milliardar kroner.Trass nedturen er Rolls-Royce truleg fortsatt ein attraktiv oppkjøpskandidat. Kostnadane er redusert, og selskapet er langt framme i utviklinga av fjernstyrte og sjølvstyrte skip, og ein tung aktør i skipsdesign og skipsutstyr.For å ikkje trekke prosessen i langdrag og unngå alt arbeidet med å selje ut verksemda i mange bitar, vil Rolls-Royce truleg helst ha ein kjøpar til heile verksemda i marinedivisjonen som skal seljast. Då kan desse kome på bana:

Wärtsila:

I 2014 melde Rolls-Royce at selskapet hadde avlyst vidare samtaler om eit kjøp av det finske Wärtsila-konsernet, ein stor konkurrent i marknaden for framdriftssystem til skip og boreriggar.Dei samtalane kan fort bli tatt opp igjen, men no med motsett forteikn, der Wärtsila legg inn bod på den delen av marinedivisjonen som er til sal.

ABB:

Konsernet lagar mellom anna framdrifts- og overvakingssystem til skip og installasjonar. Har hovudkontor i Sveits.Selskapet har mellom anna levert hybrid framdriftssystem til sightseeingbåten Vision of the Fjords, skal levere brenselcellesystem til eit testprosjekt hos Royal Caribbean og skal levere hybrid kraftsystem med energilagring til fransk servicefartøy for offshore vindparkar.

Siemens:

Det tyske konsernet har ein olje- og gassdivisjon i Stavanger og er stor på elektro. Siemens har levert framdriftssystemet til den så langt einaste fiskebåten i Noreg som baserer seg på batteridrift.

Kongsberg-konsernet:

Det mest sannsynlege norske alternativet til å overta den delen av marinedivisjonen som er til sals, satsar mellom anna tungt på å utvikle fjernstyrte og sjølvstyrte skip. Kongsberg er mellom anna ein av partnarane i utviklinga av eit sjølstyrt skip som skal frakte mineralgjødsel mellom Yara sine anlegg i Brevik og Larvik.

Publisert: 18.01.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17